Då landet stengte ned 13.mars 2020, var det noko i meg som meinte at eg trengte ein mann som har sjøsprøyt i rynkene, vind frå alle kantar i håret og havblikk. Ein sjøulk som hadde vore på havsens botn og i himlane høge. Eg la Kolbein Falkeid på spisebordet. Og begynte på ei reise gjennom nærmare 50 år med dikt. Ei reise som gav meg tankar og bilete på eige liv. Dikta er ekte, fulle av erfaring, til tider dyrekjøpt erfaring. Dei syng i meg og dei synk i meg. Dei er lyse. Dei er mørke. Og dei har gitt dagane mine, særleg frukostane, dette rare året ein god tyngde og eit ekstra lys. Frå Horisontene: Nei, jeg snakker ikke om erobring, men om ferden, den forpliktende ferden inn i alt som er. For alle ting har horisonter. Mennesket, kjærligheten, hverdagene. Men også de minste ting. Det er større innbyrdes avstand mellom atomene i en vanndråpe enn mellom stjernene i universet. Dikt som seier dei rette orda om venskap, dikta "Det er langt mellom venner" og "Bølgelengde&quo
Kommentarer