Av og til gjer eg eit forsøk på å bli boklyttar. Det kan jo vere praktisk i blant.
Så kom boka som hadde meg frå første sekund, sjølvsagt var det Haruki Murakami. Her var det spenning, mystikk, grubling og overraskingar. Ei typisk Murakami bok. Alt er ikkje slik vi trur det er. Det skjer noko på nåplanet, på fantasiplanet, på....
Den første var Tore Renberg - Lungeflyteprøven. Renberg les godt og eg blir engasjert i historia. Alt startar i 1681 der 16 år gamle Anna Vogt blir tiltalt for å drept sitt eige barn. Vi får eit innblikk i eit tøft samfunn som straffar hardt. Og for første gong blir ein lungeflyteprøve ein del av rettsprosessen. Var barnet dødt eller levande då det blei fødd?
Kampen for lungeflyteprøven og ein fars kamp mot systemet som vil dømme dottera var veldig interessant.
Eg tilrår denne boka!
Boka kom ut i 2023
---
Neste bok ut, tilrådd av andre, var Marsahn, mon amour av Katja Oskamp. Her møter vi ei middelaldrande kvinne som omskolerer seg til fotpleiar. Ho får fortellingane frå kundane. Viser oss eit innblikk i kvardagsmenneska på 1970-talet i DDR. Vi møter menneske som har levd til tider tøffe liv, andre som høyrer til dei meir priviligerte. Alle skildra med kjærleik. Her smiler du og her er du på grininga.
Neste bok ut, tilrådd av andre, var Marsahn, mon amour av Katja Oskamp. Her møter vi ei middelaldrande kvinne som omskolerer seg til fotpleiar. Ho får fortellingane frå kundane. Viser oss eit innblikk i kvardagsmenneska på 1970-talet i DDR. Vi møter menneske som har levd til tider tøffe liv, andre som høyrer til dei meir priviligerte. Alle skildra med kjærleik. Her smiler du og her er du på grininga.
Ei fin bok. Eg tilrår.
Boka kom ut i 2024 og er omsett frå tyske
Lest av Ulrikke Hansen Døvigen
Den første boka er om ein ung forfattar som reiser på skrivekurs i Aten og om menneska som opnar seg for henne. Det er båtliv, mislukka ekteskap, ungdom og kjærleik.
I Transitt er forfattaren blitt litt eldre, ho har ansvar for to søner etter eit ekteskapsbrot. Det er tankar rundt barndom og det å finne nytt fotfeste i livet.
I siste bok, Kudos, er det same hovudperson. Ho er kjent forfattar. Ho skal til Europa for å fortelle om boka si. Og sjølvsagt møter ho menneske som ho har interessante samtalar med.
Eg burde ha likt desse bøkene godt. Dei tar opp tema som interesserer meg. Men med desse bøkene var eg tilbake i det som eg fort hamnar i ved lydbøker; tankane mine fyk avgarde og held på med noko heilt anna enn å fokusere på forteljinga. Om det var bøkene eller opplesaren er usikker. Men ut frå lytteopplevinga så kan eg ikkje tilrå. Men alle seier at dei er gode - så prøv.
Lest av Fanny Vaager
---
Handlinga er ei natt i Tokyo. Vi følger to søstre. Den eine sit på ein kafe og hamnar etter kvart borti sterke scenar. Den andre søv og har gjort det i fleire månader. Eit fjernsyn slår seg av og på og sender merkelege signal.
Eg lytta, måtte stoppe opp for å vere sikker på at eg fekk det med meg. Meir Murakami på øyra!
Eg tilrår!
Det er Nina Woxholtt som les. Og dette er ei gamal bok, frå 2007.