Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2019

Sterkt, mørkt og stort frå Sør Korea

Det er bøker som magen forstår og hjernen framleis grublar over. Han Kang har skrive ei slik bok. Vegetarianeren   sit fast inni meg og eg blir ikkje ferdig med ka den eigentleg handla om. Boka startar med at verdas kjedelegaste kone blir vegetarianar. Eller rettare sagt ei heilt gjennomsnittleg kone blir vegetarianar. Før hun ble vegetarianer, hadde jeg aldri tenkt på min kone som bemerkelsesverdig Her hadde mannen gifta seg med henne, ikkje fordi han hadde vore særleg tiltrekt av henne, men han fann eigentleg ikkje særlege manglar. Men så har ho altså ein draum og kastar alt kjøt. Yeong-hye vil ikkje ete det meir. Etter kvart byrjar ho å oppføre seg meir og meir utanfor den aksepterte norma. Ho vil ikkje ha sex med mannen. Han voldtar henne. Ho er ikkje lenger den gode kone som foreldra har oppdratt henne til. Ho blir meir og meir ekstrem i veremåten. Jeg visste ingenting om denne kvinnen. Jeg visste virkelig ingenting. Det var tanken som plutselig falt meg inn.  Boka er del

Einsemd på japansk.

"Jeg går rundt og prater inni meg hele tida, skjønner du," sa han. Først tenker jeg A og så B, og da blir det så klart C, men så kommer jeg plutselig på D, og da føles det bare naturlig å begynne med "men asså". Endeleg tilbake i Japan. Hiromi Kawakami har eg lese ei bok av før. Dette skreiv eg på facebook i gruppa Eseløret i 2015 om "Merkelig vær i Tokyo": Eg las i Aftenbladet om ei bok eg kjente eg måtte lese. Japanske forfattarar (dei få eg har lese) skriv så annleis enn vestlege. Fascinerande. Og MERKELEG VÆR I TOKYO. av Hiromi Kawakami svikta ikkje Dette er ei sakte historie om einsemd og om kjærleik. Eg blei glad i frøken Tsukiko og Sensei og skulle ønskt at historia var på fleire sider. I år kom det ei ny bok av Hiromi Kawakami på norsk. Tema er det same. Einsemd. I "Herr Nakanos forretning for avlagte gjenstander" finn vi eigaren Nakano. Han er dyktig til å prute, har dametekke og har både kone og elskerinne å halde orden på. S