Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2019

Svikne dagar - sterk Ferrante

Denne boka har eg begynt på eit par gonger, men tenkt at eg ikkje orkar historiar om kvinner som sit igjen etter at mennene går. Men så var det jo Ferrante då. Ho vil garantert noko meir enn å skildre ei vanleg "eg-er-forlatt-stakkars-meg"-historie. Og det var akkurat det ho gjorde. Skreiv så det svei. Svikne dagar er bok nr 2 frå Elena Ferrante , denne hemmelege forfattaren frå Napoli. Temaet er velkjent. 38 år gamle Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap. Han har funne seg ei yngre kvinne. Han går ut døra og ho sit att med 2 ungar og hunden. Ikkje har ho jobb for dei har satsa på karriera hans og nokon må ta seg av ungar, hus og rekningar. Olga og mannen har alltid diskutert dempa. Ho har aldri brukt sinnet sitt. Men no raknar det. Ho er sjalu. Ho er rasande på alt og alle. Ho fornedrar seg sjølv. Ho sloss. Venene trekk seg unna. Ho mistar grepet på livet og med seg i fallet drar ho to ungar og hunden. Det var til tider vondt å lese. Kvar setning sv

Ut av ensomheten

Kan vi i lengda leve i to verder? Den verkelege og den vi drøymer oss vekk i? Gjer denne todelinga at vi ikkje er tilstades i det livet vi kunne ha levd? Og korleis hadde livet blitt om eg tok eit anna val, om noko anna hadde skjedd? Ville eg blitt ein heilt annan? Vi møter ein vanleg familie med mor, far og tre barn. Marty, Liz og Jules. Brått blir alt endra. Foreldra døyr i ei trafikkulukke og ungane hamnar på internatskole. Her har dei kvar for seg nok med å finne sin eigen veg ut av sorga og leite etter fotfeste til framtida. Jules som er minstemann, kjenner seg svikta av søskena og han går frå å vere den eplekjekke, vågale guten, til å bli redd og inneslutta. På skolen møter han den mystiske Alva. Ho har òg ting i livet å slite med, men fortel svært lite. Venskapet dei i mellom er sterkt, men dei sviktar kvarandre på ulike vis i redsle for å såre seg sjølv. Dei mistar kvarandre etter vidaregåande, men for Jules er ho den store kjærleiken han drøymer om. Jules, som er hovud

Brunst, brennevin, bøker - og mykje meir

Kva er det med desse islendingane? Dei er ca 340.000, bur på ei ustabil øy med jordskjelv og vulkanutbrot. Det er lange, mørke vintrar og korte, men lyse somrar. Her les dei bøker om dei bur langt frå folk og er like tause som fjella rundt seg. Mødre sender diktbøker til tenåringssøner. Koner kastar bøker etter ektemenn. Ektepar les høgt for kvarandre. Det blir sitert både frå dikt og romanar for å få sagt det ein eigentleg prøver å seie. Er det alt dette som gjer at det stadig dukkar opp spennande diktarar frå denne øya ute i havet? Det er mykje brunst og brennevin for å overleve i mørkret, men det er ikkje nok. Det må ord og himmel til. Eg har endeleg oppdaga Jón Kalman Stefánsson og er blitt oppslukt. For ei skriveglede! For nokre formuleringar! For ein forteljarkunst! Eg har lyst til å sitere og sitere frå boka. Her er så mange skattar å samle på. Boka startar med at Sigvaldi ramlar ned frå ein stige. Han er husmålar i Stavanger. Medan han ligg der på bakken, byrjar han å t