Svikne dagar - sterk Ferrante

Denne boka har eg begynt på eit par gonger, men tenkt at eg ikkje orkar historiar om kvinner som sit igjen etter at mennene går. Men så var det jo Ferrante då. Ho vil garantert noko meir enn å skildre ei vanleg "eg-er-forlatt-stakkars-meg"-historie. Og det var akkurat det ho gjorde. Skreiv så det svei.

Svikne dagar er bok nr 2 frå Elena Ferrante, denne hemmelege forfattaren frå Napoli.

Temaet er velkjent. 38 år gamle Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap. Han har funne seg ei yngre kvinne. Han går ut døra og ho sit att med 2 ungar og hunden. Ikkje har ho jobb for dei har satsa på karriera hans og nokon må ta seg av ungar, hus og rekningar.
Olga og mannen har alltid diskutert dempa. Ho har aldri brukt sinnet sitt. Men no raknar det. Ho er sjalu. Ho er rasande på alt og alle. Ho fornedrar seg sjølv. Ho sloss. Venene trekk seg unna. Ho mistar grepet på livet og med seg i fallet drar ho to ungar og hunden.

Det var til tider vondt å lese. Kvar setning svei og eg ville stoppe henne. Eg måtte legge boka frå meg og gjere noko anna for å få puste. Men så måtte eg vidare. Dette er rått og direkte om eit menneske på randen. Eit menneske i livskrise.

Denne boka gjorde meg ikkje til mindre Ferrante-beundrar for å seie det slik.
--
Tar med litt om skrivemåten til Ferrante - og Knausgård.

Knausgård - Ferrante
James Wood samanliknar Karl Ove Knausgård og Elena Ferrante i boka "Slik virker litteraturen". Dei er på mange måtar heilt ulike. Den eine skriv sjølvbiografisk og er godt kjent, den andre om oppdikta personar og få veit kven forfattaren er.
Den mest nærliggende forklaringen kan være at i begge forfatterskapene fornemmer leseren en forfriskende radikal uskyld, en sterk vilje til å bruke litteraturen til å avdekke sannheter, en interesse for å renovere eller til og med sprenge de tradisjonelle formene, uten samtidig å gi opp realismens tradisjonelle prosjekt, alltid grådig på mer liv. Disse to forfatterne ser ingen grunn til å velge mellom virkelighetshunger eller fiksjonshunger (Knausgård er full av kunstferdighet, Ferrante er full av virkelighet). Deres prosjekt, deres mål, deres steinbrudd er det Ferrante kaller "autensitet", som hun setter opp mot ren og skjær virkelighetsnærhet.
Og metodene varierer, men resultatet er det samme: "et medium for dypt og alvorlige undersøkelser av det menneskelig problem".
(James Wood: Slik virker litteraturen (2018) s.23)

---
Tittel: Svikne dagar
Forfattar: Elena Ferrante
Omsett frå italiensk av: Kristin Sørsdal
Utgitt på norsk 2017 (Italia: 2002)
Forlag: Det Norske Samlaget
ca 200 sider
-
ebok