Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2020

Stjerneteikn, pentagram, seriemordarar og private problem.

  Sist eg bestilte ei bok på Kindle for å få ho den dagen ho blei utgitt, var i 2018. Det var bok nummer fire om privatdetektivane Cormaran Strike og Robin Ellacott - Lethal White  (Hvit død)- 15.september 2020 kom altså den 5.boka om Strike og Robin. Eg og kindlen min var klar. Det viste seg å vere nærmare 1000 sider på til tider ganske så frodig engelsk. Ei utfordring. Det er nok detaljar i historia eg går glipp av, men eg får med meg nok til spenning og glede. Etter fire bøker med Robin og Strike gleda eg meg veldig til å treffe dei igjen. Ville dei greie å finne ut av det med kvarandre? Strike har eksen sin som kan kunsten å dukke opp. Robin skal gjennom ei skilsmisse der eksen vil hemne seg. Strike er ikkje akkurat den som fortel kva han tenkjer på og Robin vil ikkje trenge seg på.  Denne gongen skal dei løyse ei forsvinning som er 40 år gamal. Margot Bamborough var ein ung lege i St John. Ei dag går ho ut av legekontoret for å møte ei veninne på ein pub. Ho møter aldri opp og ing