Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2019

Glad i vin, mat, Frankrike, spenning og romantikk? Sjekk ut Enzofilene

Etter våte, nifse og frydefulle stunder på Hebridane saman med Fin Macleod, drog eg til Frankrike. Eg blei fort fascinert av Enzo Macleoad. Forfattaren av begge seriane er Peter May . Enzo er tidleg i femtiåra. Han er halvt skotsk og halvt italiensk. Skilt i Skotland og enkemann i Frankrike. Har ei dotter frå første ekteskap og han har vore aleinefar for dotter nr 2. Enzo er ein mann å bli glad i. Han er einsam, skarp, vinelskar, kokk, sjarmør... Er det rart han lurer seg inn i hjarta mitt saman med hestehalen, Waarderburg syndrom og whiskyen. Førebels er det bare bok nr 1 i Enzofilene som er på norsk. Eg har skrive om Ualminneleg mennesker tidlegare. Trykk på tittelen og du kjem til bloggartikkelen. Enzo bur i Cahor i sørvest Frankrike. Han inngår eit veddemål med nokre vener om at moderne teknologi kan løyse krimgåter som ein ikkje greidde å løyse før. Veddemålet går ut på å løyse dei kalde sakene (Cold cases) som journalisten Roger Raffin har gitt ut ei bok om. I bok

Gåten Jesus

Dette er ei bok som kom til meg i ein samtale om mykje og mangt. Vi hadde snakka om tru, om trange rom, om å lytte, om å vere open og undrande. Det er så mykje mellom himmel og jord. Har du lese Notto Thelle si bok? Les. Eg veit når dette kloke mennesket meiner alvor. Boka hamna øvst på lista. Eg sleit litt med å få tak i boka, men Ark har eit godt tilbod. På nettet fann eg at dei hadde ei bok igjen i Østfoldhallane. Etter nokre dagar var ho ikkje lenger der, men her vest i verda. Eg har nokre gonger lytta til Notto Thelle og han har fått meg til å undre meg over alt eg ikkje veit om austlege religionar. Og til å lytte på røysta. Det er noko stille, lyttande og undrande over han. Samstundes som ein kjenner at han har halde på sin første kjærleik, Jesus. Etter bøker om vandringar i grenselandet mellom aust og vest, kom altså boka om hovudpersonen i kristendommen i 2009. No ti år etter var det kanskje på tide at eg oppdaga boka. Framsida. Eg startar med den. Det er eit fumie .

Storinkvisitoren - kva skal mennesket med fridom?

I lesegruppa les vi Brødrene Karamasov av Fjodor M. Dostojevskij for tida. Denne veka har vi lese Ivan sitt poem. " Legenden om Storinkvisitoren " (lenka er til Nasjonalbiblioteket. Brødrene Karamasov er omsett av Olaf Broch. Legenden startar på s 271). Tenkte det var greit med ei lenke i tilfelle de ikkje hadde boka i heimen. Den nyaste utgåva er omsett av Geir Kjetsaa. Men den er ikkje klar for fri nedlasting frå Nasjonalbiblioteket enno. For dei som leitar fram i bokhylla: Teksten er kapittel 5 i fjerde del. For å oppsummere det eg har lese både i Brødrene Karamasov, i andre bøker og sortere litt eigne tankar, skriv eg ned det som surrar rundt akkurat no. Og 1.mai er kanskje ikkje den dummaste dagen å skrive om det frie mennesket på? To av brødrene Karamasov, Ivan og Aljosja, samtalar om Gud, om å akseptere han for så å avvise han. Om det vonde i verda. Kor er Gud i alt dette? Ivan ser på seg som ateist. Aljosja er munk. Så fortel Ivan legenden om storinkvisitoren.