James Rebanks har eg skrive om før. Eg storkoste meg med sauebondens liv. Han skreiv på ein måte som gjorde meg glad og samstundes fekk meg til å tenke på livet vi lever og korleis landbruket vil bli viss vi vel å fortsetje denne vegen.
Boka Fuglevokteren fra Vega hadde eg tenkt på lenge, men då ho dukka opp på Mammutsalet var tida inne. eg skulle bli med James Rebanks på tur til Vega og fugleøyene utanfor.
Det er eigentleg veldig stille i boka. Rebanks er med fuglevoktaren Anna og veninna Ingrid til nokre fugleøyer utanfor Vega. Dei ryddar og bygg fuglehus til ærfuglane og håper og trur at dei vil kome. Det har minka med fuglar dei siste åra. Alle tankane dei har om fuglane, livet og naturen. Det er eit driv i det. Eit driv som får meg til å tenke. Kva er det vi gjer. Stofisket i havet utanfor ta føda frå ærfuglane. Dyreslag som mister sine naturlege fiendar aukar. er det dette vi vil? Er det dette som er framtida? Eller har vi nådd eit punkt at vi stoppar opp og kanskje snur? Var det betre å leve for nokre år sidan? Har vi gått for langt? Mykje seier at dette livet vi skapar rundt oss, ikkje gjer oss lukkelege, men heller reddare for framtida. Er det verkeleg eit mål at neste generasjon skal få det betre enn forrige? Har ikkje vi det godt nok? Har vi meldt oss ut av meininga med livet der vi stressat for lukka, for pengane, for karrieren, for ungane - for alt?
Slike tankar surra rundt i hovudet mens eg les. Det er eit eige driv i boka. Eit driv eg likte veldig godt der det lokakr eg framover i si stillferdige form.
Dette er ei bok eg tilrår av heile hjarta mitt.
----
Forfattar: James rebanks
Språk: Norsk bokmål
Omsett av: Hege Mehren
Forlag: Press
År: 1. utg 2 opplag 2024
