Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2018

Lyset bak øynene - vi nærmar oss det moderne Finland

"Lyset bak øynene" er den andre boka til Tommi Kinnunen. Den første boka, Der fire veier møtes, lar oss møte ein familie i ei lita bygd nær grensa mot Sovjetunionen, nord i Finland. Det er ei spennande slektskrønike som strekker seg frå slutten av 1800-talet til rundt 1990. I bok nummer 2 blir vi betre kjent med den blinde Helena. Ho blei som barn sendt vekk for å gå på blindeskole. Einsemda hennar og kampen for å greie seg sjølv, blir godt skildra. Helena er sterk og tøff og svak og fortvila. Alltid blikk på seg. Alltid nokon som gjer henne mindre enn ho er. Som trur at mister du ein sans, har du nok mista deler av hjernen og må handsamast deretter. Den andre vi blir godt kjent med, var yngstemann og oldebarn av jordmor Maria i den første boka. No går han frå ungdom og til godt vaksen mann. Med sine løyndommar. Å vere annleis er ikkje lett på bygda, då er det lettare å pusten i byen. Slik mange framleis kjenner det. Her finn ein fleire som seg sjølv og kan leve meir an