Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2020

Alle har eit forhold til jula - julefortellingar

Då eg hadde kjøpt meg kindle måtte eg teste ut korleis eg skulle bestille bøker på norsk. Ei av dei på tilbod var "Julefortellinger". Eg var ikkje så opptatt av å lese boka, bare å laste den ned. Jula 2019 tok eg meg tid til å lese tekstane. Det var ei blanda oppleving. Hjå nokre er koblinga til jul kanskje litt tynn. Boka startar med Harstad si einsame historie frå Jæren. Stille, ekte og trist. Men det er er håp. Rottehistoria til Anne B. Ragde er lun med lang hale og mykje einsemd. Flatland tar tak i jula og saknet etter den som er borte. Brown skildrar òg einsemd og møte mellom menneska. Mellom linene i Hagerup sin varme juletekst ligg det noko sårt. Jansson si herlege Mummihistorie er til å fryde seg over kvar jul. Bjørnstad fortel om det å vere glad i nokon utan at det blir noko av det. Tolstoj sin skomakar er ein klassikar som held seg gjennom tida. Lindell gjev oss litt førjulskrim. Undset sin historie var både trist og vakker. Om barn og forståing. Prøysen

Det andre namnet - ei sakte lesing av Jon Fosse

Kva gjer ein når har lyst til å lese ei bok ein reknar med kan bli ei utfordring? Jo, ein spør på facebook om andre vil lese saman med seg. Det viste det seg at fleire ville lese "Det andre namner" av Jon Fosse. Dette er dei to første bøkene i septologien Jon Fosse har planlagt. Vi starta 1. november og var stort sett ferdig då desember var omme. Vi las ca 50 sider i veka. Det er ikkje avsnitt og kapittel i boka så sidene blei tilfeldige. Teksten driv seg heile tida framover utan punktum, men med mange komma. Store bokatavar dukka det bare opp ved namn, Mannen, Systera, Kvinna, Gud, Asle, Guro, Ales osb. I starten tenkte eg at eg trengte ei namnekart for kor høyrte dei heime desse folka med dei same namna? Men etter kvart forstod eg og det gjorde ingenting om dei heitte det same. kanskje det var dei same folka? Kanskje ikkje? Vi møter målarkunstnaren Asle som bur i Dylgja. Han er vi inne i hovudet til. Her er tankar og draumar både bakover og framover i tid. Så høyrer