Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2021

Kontrakt med djevelen?

 Olav H. Hauge skreiv i dagboka si " Å lesa ein stor forfattar er som å reisa med jarnbanen gjenom eit fjell-land. Tunnelane er mange, men utsyni i millom storfagre" (1948). Å lese Thomas Mann har vore ei tunnelreise. Boka har utfordra på så mange måtar. Mange gonger har eg tenkt at dette forstår eg lite av. Men eg har heldigvis hatt ein gjeng å lese saman med. Når eg har sett mørkt på det, har andre forstått meir. Puffa vidare.  Og no er eg glad for at eg har lese "Doktor Faustus" Adrian Leverkühn er komponist, men det er ikkje nok å bli ein middelmådig komponist. Han veit han kan skape storverk. Undervegs inngår han ein avtale med Djevelen for å få geniet sitt forløyst Du ser meg, altså eksisterer jeg for deg. Lønner det seg å spørre om jeg virkelig er til? Er ikke virkeligheten det som virker, og er ikke sannhet opplevelse og følelse? Det som øker din følelse av makt og herredømme for fanden, det er sannhet - selv om det med dydens synsvinkel vil være ti ganger l

Med livet framfor seg

 Eg fekk ei nydeleg bok til jul. Ei slik som er god å ta på. Som har eit vakkert design. Emile Ajar: Med livet foran seg . Eg opna boka og las: "Det første jeg vil begynne med å si, er at vi bodde i sjuende etasje uten heis, og for Madame Rosa med alle de kiloene hun hadde å drasse på og bare to bein, var det å slite seg i hjel hver eneste dag, foruten alle sorgene og bekymringene. Hun minnet oss om det hver gang hun ikke klaget over noe annet, for jøde var hun også. Det sto ikke rart til med helsa hennes heller, og det vil jeg også ha sagt med det samme at det var et menneske som kunne ha fortjent en heis." Oj, tenkte eg. For nokre formuleringar. Eg sette meg godt til rette og koste meg frå start til slutt. Men det gjekk seint å lese for her kunne ein ikkje ta setningar som sjølvsagte. Eg måtte lese kvart ord for det kom stadig overraskingar. Vi ser verda frå barnet og den veslevaksne, men samstundes så mykje meir. Ord blir brukt på nye måtar. Til dømes lurer hovudpersonen,