Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2018

Det store i det små

Eg starta litt undrande på boka om Klingsor. Kva var det Lindgren ville med denne sære typen? Men så var det noko der under. Ein kjærleik til denne sære, middelmådige, mislukka kunstnaren kraup inn under huden.  Torgny Lindgren  får verkeleg fortalt om det middelmådige så det blir stort. Vi møter ein sær ung mann frå ei bygd nord i Sverige. Han finn eit glas som Gamleklingsor har gløymt igjen i skogen. Det er skeivt, men det har nok vore beint ein gong, meiner Klingsor. Sidan stubben den stod på var skeiv hadde glaset blitt skeivt for å rette seg opp og bli beint på eit skeivt underlag. Dette er utgangspunktet for Klingsor. Han studerer glaset. Byrjar male det. Og etterkvart andre gjenstandar. Men bare gjenstandar. Stilleben. Han byrjar på korrespondansekurs i teikning og måling. Etter kvart blir korrespondansen mellom læraren, Fanny, og eleven meir enn bare korte kommentarar om kunsten. Ingen trodde at det skulle bli noe spesielt av ham. Og ville noen innerst inne bli noe spe

Skotøyet til Mankell

Som så mange andre, syns eg at Henning Mankell og Kurt Wallander er to som høyrer saman. Dei har til og med redda ein eksamen for meg, Eller rettare sagt, eg burde lese data, men las "Brandvägg" og brukte boka for alt ho var verd på eksamen. I mange år tenkte eg at eg var ferdig med Mankell og Wallander. Eg gav bort bøkene. Trengte meir plass i hylla. Men så dukka både Italienske sko og  Svenske gummistøvler   opp. Den første 12 år forsinka og den siste kom ut i 2015, det året forfattaren døydde. Veit ikkje heilt kvifor eg hadde oversett den første. Kankje var det mangelen på Wallander? Kven veit. I alle fall fann eg begge i ei billigbod i 2018 og tenkte at dei skulle eg sjå nærmare på. Eg var spent. Mankell utan Wallander og krim. Koss vil det vere? I Italienske sko møter vi den pensjonerte legen og isbadaren Fredrik Welin. Han bur aleine på ei avsidesliggjande øy. Hit har han rømt etter at han har gjort ein stor feil i jobbsamanheng. Han dreg sin veg i staden