Skotøyet til Mankell

Som så mange andre, syns eg at Henning Mankell og Kurt Wallander er to som høyrer saman. Dei har til og med redda ein eksamen for meg, Eller rettare sagt, eg burde lese data, men las "Brandvägg" og brukte boka for alt ho var verd på eksamen.



I mange år tenkte eg at eg var ferdig med Mankell og Wallander. Eg gav bort bøkene. Trengte meir plass i hylla.
Men så dukka både Italienske sko og  Svenske gummistøvler  opp. Den første 12 år forsinka og den siste kom ut i 2015, det året forfattaren døydde.

Veit ikkje heilt kvifor eg hadde oversett den første. Kankje var det mangelen på Wallander? Kven veit. I alle fall fann eg begge i ei billigbod i 2018 og tenkte at dei skulle eg sjå nærmare på.
Eg var spent. Mankell utan Wallander og krim. Koss vil det vere?

I Italienske sko møter vi den pensjonerte legen og isbadaren Fredrik Welin. Han bur aleine på ei avsidesliggjande øy. Hit har han rømt etter at han har gjort ein stor feil i jobbsamanheng. Han dreg sin veg i staden for å rette ryggen og ta det som kunne kome. Mykje kan minne om faren som jamnleg må skifte jobb fordi han har sagt opp i sinne over eit eller anna. Welin syntes verda var urettferdig, pakka kofferten og flytta til øya han hadde arva etter besteforeldra.
Jeg setter meg ved kjøkkenbordet og åpner loggboka jeg har ført gjennom alle årene jeg har bodd her. Jeg har ingenting å fortelle, og jeg har ingen som kan tenkes å være interessert i det som står der. Men jeg skriver likevel. Hver dag, året rundt, noen linjer. Om været, antall fugler i trærne utenfor vinduet, helsen. Ingenting annet.
 Fredrik Welin opplever det som om han skriv ei krønike over eit liv som heilt har gått av sporet.
Men så ser han ei kvinne med rullator ute på isen. Harriet. Ei kvinne han svikta for mange år sidan. Den gongen rømte han òg. No er ho her og vil ha han til å innfri eit løfte han ein gong gav henne.
Dette blir starten på ei reise som gir han høve til å ta ansvar for fortida si. Han blir utfordra til å tenkje gjennom kven han eigentleg er, denne mannen som har gått av sporet. Vil han og kan han koble seg på igjen?
Undervegs på reisa han tar med Harriet, får både han og vi fleire overraskingar. Han blir pressa på kven han er og kvifor han stikk av når det blir for vanskeleg. Ønske og behov for nærleik og den plassen den einsame sjela trengte, var ikkje lett å balansere.
Kva tenkjer eit menneske som lar maur flytte inn i det eine rommet og bygge seg ei stor tue der? Vil han la alt forfalle saman med seg sjølv?

Det er ei nydeleg forteljing om ein italiensk skomakar som sit inne i dei svenske skogane og lagar perfekte sko. På veggen står det: "Når skoen passer, tenker man ikke på foten" Fredrik Welin får eit par slike sko. Dei er skapt til akkurat han. Han kjenner ei spesiell glede over skoa og går kvar dag rundar på kjøkkenet i skoa før han legg dei tilbake i eska. Å ta det perfekte /den han er skapt som ut i verda, blir for mykje.

Eg blir glad i Fredrik Welin og folka rundt han. Eg var glad for at den siste boka Mankell gav ut var om korleis det gjekk vidare med denne einsame stabukken.

---

Svenske gummistøvler startar med at huset til Fredrik brenn ned og han blir mistenkt for å ha tent på det sjølv. Fredrik må flytte inn i ei campingvogn som kom til øya i forrige bok. Han eig no ingenting. Unntatt to venstrestøvlar. I brannruinene finn dei ei skospenne fra dei italienske skoa. Eit minne frå noko som var sterkt og fullkome. Welin hadde tenkt at huset skulle overleve han. Det var det stødige som alltid hadde vore der. Det hadde ein verdi. Ein verdi han mangla. Kva har han igjen? Kvifor skal han leve vidare?

Men så var det den uregjerlege Louise som dukka opp i den første boka. Ho som får fram mange kjensler i han. Sinne, frustrasjon og redsel. Det går opp for han at denne utfordrande kvinna treng han og han treng henne. Ho vil at han skal bygge opp igjen. Dette var òg hennar trygge hamn. Merkeleg nok.

Det dukkar opp ein journalist etter brannen. Ho blir viktig for Fredrik. Ho får han til å kjenne seg meir levande, men samstundes er ho på mange måtar svært lik han og utfordrar den personen Fredrik er blitt. Ho gjennomskoder han.

Mankell er ein dreven kriminalforfattar. Dette er ikkje ein krim, men når fleire hus i øysamfunnet brenn ned, utan at dei finn årsaka, byrjar redsla og framandfrykta å krype fram. Det er mange som ikkje er ein del av dei innfødde. Fredrik er ikkje derifrå, men som lege har dei jo hatt behov for han. Men den kvinna som bur aleine og som snakkar så lite, er ho heilt til å stole på?

Det er både vondt og godt å følgje Fredrik gjennom frustrasjon, einsemd, sinne, løgn, reise, fyllekule, sorg og stille lukke. Og så Louise då, korleis vil livet hennar bli? Det skulle eg så gjerne ha visst. Men no er det slutt. Mankell har lagt ned pennen.

Svenske gummistøvler sluttar med desse orda:
Under gulvet i huset, i jorden, lå Giaconellis skospenne begravd i en metallboks. Det føltes trygt å tenke på at den hadde overlevd de voldsomme flammene.
 Det var allerede sent i august.
 Snart ville høsten komme.
 Men mørket skremte meg ikke lenger.

Takk for denne finalen Henning Mankell!
---- 

Tittel: Italienske sko ( Italienska skor)
Forfattar: Henning Mankell
År: 2006
Forlag: Gyldendal

Tittel: Svenske gummistøvler (Svenska gummistövlar)
Forfattar: Henning Mankell
År: 2016 (2015)
Forlag: Gyldendal