Denne nydelege boka av Jon Fosse er todelt. Dei første 16 sidene handlar om at eit barn, som skal heite Johannes, og bli fiskar, blir født. Resten av boka handlar om at ein gamal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. Og dei sidene gjev oss eit anna bilete på døden. Dette biletet møter vi i fleire av bøkene, men eg har ikkje lese det så, kanskje det er feil å seie det slik, men det er så vakkert. Så ekte og for meg truverdig. Havet blir heilagt. Havet det uendelege som bare er. Kanskje er havet eit ekstra sterkt bilete for oss som lever ved havet. Som har stått ved havkanten og sett det uendelege. Drøymt oss ut, sett kor små vi er og kor sterkt havet er. Johannes opplever at det ein spesiell dag. Han møter bestekompisen, Peter igjen. Tenkjer i to sekund at det er rart for Peter er vel død? Men han blir meir opptatt av korleis Peter ser ut på håret. Han treng eit klipp og dei to har klippa kvarandre gjennom eit langt liv. Han syns Peter gjer rare ting, men han er med
Tankar om bøker eg møter langs vegen