Patti Smith segla forbi syttiårsdagen sin (30.12.2016) og inn i det nye året med konfetti opp til anklane. Men før det må ho gjennom Apens år 2016. Det er dette året verda blir merkelegare og merkelegare. USA, fridomslandet for mange, vel ein ny president. Ikkje akkurat ein Patti Smith ønska seg. Vi andre er vel framleis litt mållause til det som skjer. Mista verda USA? Men så var det apens år, altså namnet på året etter kinesisk astrologi. Og Patti Smith. Eg innrømmer at eg ikkje er så vandrande innan punkrock så ho var ukjend for meg. Heilt til eg for nokre år sidan såg ho på tv. Trur det var Skavlan. Eg blei fascinert. For ei kvinne! Eg fann Sanka ull og blei dregen inn i landskap mellom draum og kvardag. Seinare fekk eg M.Train i gåve fordi boka hadde fått gjevaren til å tenke på meg. Då las eg på ein ny måte og tenkte på Patti Smith på ein annan måte. Eg fann musikken. Her var det noko som gjorde meg lyttande. Eg har lese Just Kids, ei bok eg ikkje har blogga om, men det skal eg
Tankar om bøker eg møter langs vegen