fredag 28. september 2018

Lethal White. Strike og Ellacott er tilbake

Ok då, så er eg svak for Cormoran Strike og Robin Ellacott. Så svak at eg syntes eg hadde venta lenge nok på bok nummer fire. Altså måtte eg bare ha ho den dagen ho kom ut. På engelsk. Det blei for lenge å vente på den norske utgåva. Eg forhåndsbestilte på Amazon. For første gong. Og der fekk eg ein liten julekveld då boka låg på kindlen min på rett dag. Etter det har eg meldt meg ut når eg kunne. Så vidt hugsa å gå av toget på rett stasjon. Lese medan middagen gjorde seg klar. Hatt boka som sengelektyre og vore glad for at kindleappen på mobilen synkroniserer seg med kindlen. Alle ledige augneblink har vore saman med Strike og Robin.

No pustar eg ut.

Forfattaren Robert Galbraith er eigentleg ei kvinne og heiter J.K. Rowling. Heilt rett. Forfattaren av Harry Potter bøkene.
Forteljargleda hennar er like stor og av og til like ordrik som hjå Harry Potter. Dei tre første bøkene: Når gjøken galer, Silkeormen og Ondskapens kall er meir voldelege enn eg opplevde denne. Plottet i denne er annleis. Sjølve mordet kjem ikkje før langt uti boka, mens vi leiter etter kven som ønskjer å knekke ein politikar ved å kome med truslar og pengekrav. Kan ein stole på det ein psykisk sjuk mann seier? Ellacott og Strike vandrar blant rike kjendisar, politikarar og i radikale protestmiljø. Folk lever på kanten av lova i begge miljøa.
Samstundes som dei prøver å finne svar for andre, greier dei ikkje heilt å finne tilbake til tonen dei hadde i dei tre første bøkene. Boka startar med at Robin giftar seg med Matthew. Ein mann som Strike har lite sans for. Ekteskapet får ein tøff start og Robin ønskjer å skjule tankane sine for kollegaen. Ho veit ka han meiner om mannen. Strike sjølv, ser ut til å ha det greit, men er veldig tydeleg på korleis han vil ha eit forhold med kvinner han er saman med. Aldri to netter etter kvarandre (då blir det fort ei veke og bindingar), aldri "I love you". Han har no møtt ei han trives med, men reglane sine held han. Kor lenge vil slikt vare?

Vi kjem nærmare inn på begge hovudpersonane. Tankane deira om eige liv, om kvifor dei lever slik dei gjer og kva val dei trur dei har.

Boka var ei utfordring for meg fordi ho var på eit ordrikt og frodig engelsk. Det var dialektar og gateslang. Eg gjekk sikkert glipp av nokre gode poeng både i plottet og i historia mellom detektivane. Men samstundes storkoste eg meg, sjekka nokre ord innimellom då eg ikkje forstod samanhengen og raste vidare nedover sidene.

Kvart kapittel startar med eit sitat frå Rosmersholm av Henrik Ibsen. Det kan ein gruble litt over.

Les og gled deg over London, undergrunnen, gravearbeid, mørke gater....

Har du ikkje lese dei tre første bøkene om Strike og Ellacott før, så start med dei. Du har mykje spennande framfor deg.

PS. Eg oppdaga etterpå at boka har over 600 sider..

---
Forfattar: Robert Galbraith (J.K Rowling)
Tittel: Lethal White
Årstal: 2018
Forlag: Sphere
Språk: engelsk
ebok


tirsdag 18. september 2018

Skummande hav, bier, storkapitalen og Hebridane

Eg måtte ein tur til Hebridane igjen. Heldigvis er det skikkeleg haust ute. Når vinden ruskar i trea, er det tid for spenning.


Mange kjenner Peter May sine bøker om Fin Macload. Ein spennande triologi med alt du vil ha av krim, frustrasjon, sorg og glede. Du kan lese om bøkene her.

Denne gongen skriv Peter May like godt, men Fin får bare ein setning i boka. Vi er framleis på Hebridane, det er kokande hav og utilgjengelege øyer. 
Det er skremmande sterke krefter i havet. Det er oppkast. Har du vore redd på sjøen ein gong, kjenner du redsla kome krypande. Vi er så små, reine pinneveden, viss sjøen har bestemt seg. Og har du ikkje opplevd det, er det fare for at du vil kjenne det kome krypande likevel.

Boka startar med at ein mann står på på stranda på øya Harris. Han veit ikkje kven han er, han er våt til skinnet. Ei eldre kvinne kjenner han igjen og viser han vegen mot huset. Der blir han møtt av hunden. Brått seier han namnet på hunden. Altså hugsar han det. Men kven er han? Då han finn ein død mann, blir det verre. Kan gløymsla vere fordi han ikkje orkar å hugse det han har gjort?

Samstundes blir vi kjent med ei sinna tenåringsjente i Edinburgh, Karen Fleming. Ho er sinna på alt og alle. Det siste ho sa til far sin før han tok livet av seg, var "eg hatar deg".  To år etter greier ho ikkje å slå seg til ro med at faren er død og prøver å finne ut sanninga bak sjølvmordet. Sinne, handlekraft og ungdommeleg overmot fører henne ut i farlege situasjonar. 

Så var det biene då. Dei er òg med i historia. Eg lærte både det eine og det andre om dei i løpet av boka.

Midt i spenninga hamnar vi i miljødebatten, storkapitalen og makta. Ka skjer om kapitalen vinn mot naturen? 

Og kven er nå denne rare mannen som bur i campingvogn, har kikkert rundt halsen og påstår at han er fuglekikkar?

Vi blir virvla rundt i opprørt hav.  Historia tok meg. På slutten var eg så redd for dei eg var blitt så glad i at eg nesten ikkje tok meg tid til å fullføre setningane før augo for vidare nedover sidene.

Det gjekk veldig godt ann å vere på Hebridane utan helten Fin òg. Veldig godt. Sjølv om han kan få eit par setningar til, neste gong.

--
Forfattar: Peter May
Tittel: Coffin Road
Utgitt: 2018 
Forlag: Goliat forlag
Ebok

tirsdag 4. september 2018

Kvifor skriv eg? Spør Patti Smith

 Eg skreiv for eit par dagar sidan at eg måtte ha med meg bøker som ikkje trengte djup konsentrajon på den reisa eg skulle på. Altså måtte eg legge igjen ei av dei eg las i.

Den boka som eg ikkje kunne ta med meg, ei heller lese kjapt gjennom dei siste sidene før eg drog, var Patti Smith si bok "Om å skrive".

Denne boka må lesast sakte og med både hjerne og hjarte. Ho stiller spørsmålet "Kvifor skriv eg?"
Vi får bli med henne frå den første setninga i boka:
På ein eller annan måte, medan eg leita etter noko anna, kom eg over......
Og så bygg ho vidare på tankane som kom i gang ut frå det ho fann. Vi blir kjent med korleis sinnet hennar fungerer. Vi går rundt i Paris. Møter både levande og døde. Ho grublar over det å drøyme. Ho fotograferer. Ho les. Ho ser film. Og så byrjar ho å skrive på toget frå Paris til Sète.
Lagnaden har ei hand, men er ikkje handa.
 Så får vi forteljinga. "Inderlegheit". Vi kjenner igjen brotstykke frå vandringa i sinnet til Patti Smith. Men vi er på isen saman med Eugenia. Vi er like einsame som henne. Like mykje på jakt etter kven vi er og drøymer om nærleik til andre. Vi blir glad med henne, kjenner det når ho blir pressa og forstår til slutt. Eller kanskje ikkje. Kanskje eg må lese det heile om igjen.
Kvalitetane som vil hjelpe deg gjennom livet, har du fått frå meg. Kvalitetane som vil gjere deg velkommen  i himmelen, frå mor di.
I siste del av boka grublar ho over kvifor ein er nøydd til å skrive. Kvifor set ein seg sjølv til side, kapslar seg inn og fordjupar seg i einsemda? Kor fann dei sin plass til å skrive? Ho blir invitert til familieheimen til Albert Camus. Kjenner skriveinspirasjon, men samstundes òg dette overmotet.
Det er den avgjerande krafta til eit einskild verk: eit kall til handling. Og eg blir, gong etter gong, overvelda av det overmotet at eg trur eg kan svare på det kallet.
Det er ikkje dilldall med Patti Smith. Ho er på vandring. Ofte aleine. Ho lyttar og ho ser innover. Vågar å vere annleis.
På slutten stiller ho spørsmåla: Kva er oppgåva? Kva er draumen? Kvifor skriv eg? Kvifor skriv vi? Og svarar.

Eg las sakte. Av og til bare nokre liner. Måtte stoppe og tenke. Veit at eg snart må lese ho på nytt for å ha med meg slutten når eg startar på første side.
--
Forfattar: Patti Smith
Tittel: Om å skrive (Devotion)
Utgitt: 2018
Forlag: Samlaget
Innb.

søndag 2. september 2018

K2 og Patricia - krim frå den tida då alt gjekk litt saktare

Hans Olav Lahlum, for mange kjent som sjakk-kommentator, skriv bøker i høgt tempo. I 2010 skreiv han den første kriminalromanen med K2 og Patricia i hovudrolla. Etter det har det jamnleg kome bøker om desse to.
2010: Menneskefluene
2011: Satelittmenneskene
2012: Katalysatormordet
2012: De fem fyrstikkene
2013: Kamelonmenneskene
2014: Maurtuemordene
2015: Haimennesket
2016: Sporvekslingsmordet
2018: Isbjørngåten

Litt tilfeldig kom eg over "Menneskefluene" for nokre år sidan på ebokbib. Eg blei fort glad i denne formen for krim. Vi er tilbake til slutten av 60-talet og sklir etterkvart over i 70-talet. Det er tida då vi hadde grå telefon i gangen og vi sendte brev i posten. Det fantes til og med menn som brukte hatt og var skeptisk til å trille barnevogn og lage mat.
Alt gjekk saktare og det gjer det i kriminalromanen til Lahlum òg. Politimannen Kolbjørn Kristiansen, K2, og den unge skarptenkande veninna, Patricia, ventar på telefonar, et middag i hus med stuepiker (kjente det blei rart med stovejenter....) og løyser kriminalsaker ved å pusle saman det dei får inn av informasjon. Folk blir drept, men det er ikkje fokus på blod og vold, men på jakta etter løysinga. Kven kan ha gjort det? Kvifor? Ofte får vi historiane til desse menneska og ser det tragiske og kan forstå deler av handlinga til forbrytaren.
Patricia og K2 er svært forskjellige. Han er, etter kvart, den berømte politietterforskaren som løyser vanskelege mordsaker. Ho er løyndomen han har. Ei ung kvinne i rullestol som han treng for å tenke klart og løyse gåtene. Ho stiller andre spørsmål, ser andre løysingar enn han. Han handlar. Ho tenkjer. Men verda veit ikkje om denne ekstra hjelpa til K2.

MAURTUEMORDENE
I august oppdaga eg at det var kome ei ny bok om desse to. Denne kunne jo vere kjekk å ha med på reise, tenkte eg. Men det var trøbbel med å få ho som ebok. Litt sur blei eg sitjande å rulle nedover for å sjå om det var ei anna bok av Lahlum eg fekk lyst på. "Maurtuemordene" las eg. Sjekka vaskesetelen og oppdaga til mi store overrasking at det var ei bok om K2 eg hadde gått glipp av.

Ei teologistuderande ung kvinne blir drept. Ei jazzsongerinne blir drept. Ei rik ung kvinne blir drept. Ei ung muslimsk kvinne blir drept. K2 leiter etter kva som er fellesnemnaren for desse kvinnene. Samstundes er denne boka annleis enn dei andre ved at vi heile tida får tankane til forbrytaren. Utan at vi greier å gjennomskode kven han er.  Han legg igjen eit lite bilete av ein maur ved kvart kvart lik. Ein anonym, arbeidande maur. Kven ser han? Det vi tidleg får vite er at han har svært god hørsel. Noko som ikkje bare er til glede. Han har høyrt ka kvinner seier om han, heilt frå han var liten til i dag. Ord som det ikkje var meininga han skulle høyre.

Lahlum dreg oss med inn i konservative kristne miljø. Miljø der mykje blei sett på som Guds straffedom. Til og med sorga over å miste ei dotter, kan gøymast bak det. Vi møter andre miljø òg. Club7, overklasseheimen og innvandrarheimen.
Først er trådane ganske forvirrande, så stramar nettet seg, men eg blei overraska på slutten.

ISBJØRNGÅTEN
Så var det den eg eigentleg var på jakt etter, "Isbjørngåten". Den kom som ebok til slutt. 2018 utgåva av K2 og Patricia. Eller rettare sagt 1973-utgåva.
For å løyse ei kidnappingshistorie i 1973 hamnar vi så langt tilbake som tidleg på 1900-talet. Det viser seg at det er ein mektig forretningsmann, Isbjørnen, som er far til tenåringen som er forsvunnen. I 1933 opplevde den same mannen at det eldste barnet òg blei kidnappa, vel eit år gamalt. Desse to historiane blir fletta saman i jakta på kven som visste om at Isbjørnen hadde eit barn til. Kven hata mannen sterkt nok til å gå så langt, både den gongen og no? Vi får landssvik, økonomisk svik. Og kjærleik.
Denne gongen får vi meir ei fortelling om fortida, om val som endrar folk og kor lenge hat og sorg kan sitje fast i oss, enn ein kriminalroman. Vi møter òg denne gongen familiar frå forskjellige sosiale lag. Menneske det har gått godt med og menneske som det ikkje har gått så godt med. Kva gjer val vi foretar oss i pressa situasjonar med oss?
Sjølv om eg oppfattar denne boka meir som ein roman enn ein typisk kriminalroman, så er det ein spennande roman. Historia dreg meg vidare. Eg vil vite. Eg grublar saman med K2 og Patricia. Eg kan ikkje sjakk, men det kjennes som om brikker blir flytta, står i vegen for kvarandre, fell saman og opnar for andre utgangar.
Men ein ting skurrar for meg. Forholdet mellom K2 og Patricia. Dei har vore kjærastar. Det er slutt, men det er som Lahlum ikkje veit ka han skal gjere med dei to. Kan ikkje Patricia bli meir enn spydig og genial? Kvifor snakkar dei ikkje utover krimsakene?
Men trass det, eg har ikkje noko i mot ei bok til om desse to.
---
Forfattar: Hans Olav Lahlum
Tittel: Maurtuemordene
Utgitt: 2014
-
Tittel: Isbjørngåten
Utgitt: 2018

Forlag: CappelenDamm
ebok