Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2021

Eit år med Kolbein Falkeid

  Då landet stengte ned 13.mars 2020, var det noko i meg som meinte at eg trengte ein mann som har sjøsprøyt i rynkene, vind frå alle kantar i håret og havblikk. Ein sjøulk som hadde vore på havsens botn og i himlane høge. Eg la Kolbein Falkeid på spisebordet. Og begynte på ei reise gjennom nærmare 50 år med dikt. Ei reise som gav meg tankar og bilete på eige liv. Dikta er ekte, fulle av erfaring, til tider dyrekjøpt erfaring. Dei syng i meg og dei synk i meg. Dei er lyse. Dei er mørke. Og dei har gitt dagane mine, særleg frukostane, dette rare året ein god tyngde og eit ekstra lys. Frå Horisontene: Nei, jeg snakker ikke om erobring, men om ferden, den forpliktende ferden inn i alt som er. For alle ting har horisonter. Mennesket, kjærligheten, hverdagene. Men også de minste ting. Det er større innbyrdes avstand mellom atomene i en vanndråpe enn mellom stjernene i universet.  Dikt som seier dei rette orda om venskap, dikta "Det er langt mellom venner" og "Bølgelengde&quo

Mammutbøker 2021- har du lyst på kjøpetips?

  Før i tida var Mammutsalet store greier. Ein måtte stille tidleg for å få tak i dei beste. Helst bestille på førehand. Ikkje same køa no. Men her kan ein finne nokre perler. Ser det blei ei liste med ønsker då eg bladde gjennom katalogen. Så spørs det om eg greier å sette kjøpegrenser for meg sjølv.... Det var òg ein del bøker eg har lese og som eg har blogga om. Fleire av likte eg så godt at eg deler gjerne tipset om du ikkje alt har lese dei. eg har lenka til blogginnlegget. H. Torvund: Livsfylde   Den som inte ändrar sig, blir en annan.    Undertittelen er betraktningar frå ei nysgjerrig sjel. Og det får han fram. Eg koste meg med tekstane. Løp og kjøp! Tor Åge Bringsværd: Mens jeg har dere her. Det er lettere å hoppe etter Wirkola enn å dø etter Per Fugelli Om å bli gamal . Le godt og kjenn deg igjen Bjørn Eidsvåg: Tru og trass   Både trass og tru.   Eidsvåg sine ord om oppvekst, tru, trass og tvil.  Notto R. Thelle: Stillheten og skriket. Stillheten og skriket. Tanker om tro og

Det brenner en ild - Ingeborg Refling Hagen

Tidleg på 1980-talet var eg invitert til førestillinga: "Den engelsk Los" av Henrik Wergeland i eit privathus på Billingstad i Asker. Eg sat der med munnen open og lytta til ei framføring med så sterk innleving og så inderleg framføring at eg blei mållaus. Kva var det dei såg og som eg bare ante? I november 2020 kom det ut ei bok om Ingeborg Refling Hagen. Den har fleire artikkelforfattarar. Vi møter livet på Hedmark tidleg på 1900-talet. Vi møter ei ung forfattar som ser kva som skjer i Italia og Spania. Ei som prøver å vekke folk her heime til å sjå kva som skjer i Europa. Engasjementet som kjem til å bli meir og meir glødande. Artikkelen til Simen Ekern "Det er vi som står vakt om Europa" tar for seg dette og kanskje er det han skriv like aktuelt i dag:  Det er mulig å hevde at det hadde vært vanskelig å vite hva Mussolini hadde tenkt å gjøre med Italia - hvor langt han ville gå - også fordi han hele tiden selv vekslet mellom ulike scenarier og grader av parlamen

Ein middag i Roma

 " Det er mer historie i en bolle med pasta enn i Colosseum eller noe annet historisk minnesmerke" Ein kveld sat eg og såg på eit bokbad på Sølvberget i Stavanger. Harald Birkevold og Andreas Viestad i samtale om mat og Viestad si nye bok om verdshistoria i eit måltid. Eg blei både svolten og nysgjerrig og kjøpte boka. Og det var kjekk lesing. Eg las om historia til brødet, salt, peppar, vin, ild, sitron og mykje meir.  Viestad tar utgangspunkt i ein middag på ein restaurant i Roma og fortel om det første som kjem på bordet, brødet. Kor kom det frå? Frå starten? Vi er innom brød og nattverd. Konfliktar om ugjæra brød i det heilage måltidet. Så kjem antipasto. Deretter olje. Den viktige ingrediensen i måltidet. Oliventreet. Smør og olje. Smøret i protestantiske land og olje i katolske. Kva hadde maten vår vore utan salt og peppar? Når kom det inn i maten vår?  Vin. Og her måtte Viestad til Bibelen igjen. Noa som den første vinbonden.  Noah hadde blitt valgt ut fordi han var

En annen sol - sterke dikt om sorg, kjærleik og trass

  Eg har i lengre tid lese dikt av Kolbein Falkeid til kvar morgon. Målet er å lese alle dikta.  Januar 2021 starta med diktsamlinga "En annen sol". Dei første dikta las eg greit, men så kom eg til diktet "Festen", noko låg under, så "Rom sjø" . Då Falkeid i neste dikt skriv om Egil Skallagrimsson sitt dikt om å miste sonen, måtte eg google. Kva tid var det han mista dottera? 1988. Denne diktsamlinga kom ut i 1989. Då skjønte eg at Egil Skallagrimsson måtte med. Ein mann som hadde sett ord på den same smerta over 1000 år før oss. Tungt, det er tunga å røra; eg orkar mest ikkje anden å draga. Det er ikkje von eg vinn å kveda, frå djupet i hugen henta opp kvedskap (frå Sonetapet i Egilsoga) Som Egil Skallagrimsson greier han å finne orda og vi får sterke dikt om sorg, sakn, lengt og håp. Det sterke "Alt" der vi møter oss som forsiktig spør korleis det går og den sørgande som " Kunne også ha fortalt/ om dager på kaikanten./ Om balansegangen der