Hvit. Alt det kvite i gleda, sorga, smerta og kjærleiken.

 

Han Kang er ei av dei største. Ei av dei som set seg i hjarte, mage og fyller tankane. Og så vanskeleg å skrive om. Vil vel helst bare seie les med hjarta ope for alt.

Først møtte eg "Levende og døde" og blei heilt slått ut. Eit møte med Sør-Korea og ein forfattar som kraup inn i meg. For ei bok! 

Så kom Vegetarianaren. Ei heilt anna historie, men så sterk , mørk og stor. Begge bøkene treng stadig ein ny runde i tankane mine.

Og no har eg lese HVIT. Så annleis enn dei to første. Men samstundes ligg stemninga frå dei der. Døden, livet, sjela. Kven er eg. 

Hvit er ein kortroman. Korte kapittel. Av og til er kapitla nesten eit dikt. Alle med overskrifter vi kan koble mot fargen kvit. Boka er tredelt: Jeg. Hun. Alt Hvitt.

Hva gjør gjenferdene i denne byen når tåken ligger så tett på morgenkvisten? 

Jeg personen er barn nummer tre til foreldra. Dei to første døde rett etter fødselen. I heile boka kryp den døde storesøstra inn. Kva om ho hadde levd opp? Ville jeg-personen då vere fødd? Kan ho sjå livet gjennom augo til storesøster?  Mora som ser fortvila på den førstefødde og tryglar "Ikke dø! Vær så snill, ikke dø!"  Blir ein eigentleg forlatt av dei døde? Er dei med oss heile tida? Kvit. Det reine, morsmjølk, piller, likklede, salt, ris, tåke.... Alt det kvite som er med i sorgarbeidet.

Denne boka treng fleirgongslesing. Kvart kapittel står for seg. Ei bok med mykje snø, kulde, natt og lyset som smeltar.

Han Kang har gjort det igjen. Skapt litteratur som er så sterk at boka ikkje sluttar sjølv om eg har lese ho ein gong.

I det hvite, i alt hvitt, vil jeg puste inn din siste utpust.

Marianne i ebokhyllami har blogga klokt om boka her.  

---

Tittel: Hvit

Forfattar: Han Kang
Omsett av Jarne Byhre
År: 2016 (på norsk i 2019)
Forlag: Pax 


Kommentarer