Gå til hovedinnhold

Sterkt, mørkt og stort frå Sør Korea

Det er bøker som magen forstår og hjernen framleis grublar over. Han Kang har skrive ei slik bok. Vegetarianeren  sit fast inni meg og eg blir ikkje ferdig med ka den eigentleg handla om.

Boka startar med at verdas kjedelegaste kone blir vegetarianar. Eller rettare sagt ei heilt gjennomsnittleg kone blir vegetarianar.
Før hun ble vegetarianer, hadde jeg aldri tenkt på min kone som bemerkelsesverdig
Her hadde mannen gifta seg med henne, ikkje fordi han hadde vore særleg tiltrekt av henne, men han fann eigentleg ikkje særlege manglar. Men så har ho altså ein draum og kastar alt kjøt. Yeong-hye vil ikkje ete det meir. Etter kvart byrjar ho å oppføre seg meir og meir utanfor den aksepterte norma. Ho vil ikkje ha sex med mannen. Han voldtar henne. Ho er ikkje lenger den gode kone som foreldra har oppdratt henne til. Ho blir meir og meir ekstrem i veremåten.
Jeg visste ingenting om denne kvinnen. Jeg visste virkelig ingenting. Det var tanken som plutselig falt meg inn.
 Boka er delt i tre. Første del blir vi presentert for Yeong -hye og familien. I andre del møter vi svogeren, ein videokunstnar som blir heilt besett av Yeong-hye. Særleg av fødselsmerket på kroppen hennar. Begjæret byrjar styre kunstprosjektet og grensene for ka som er kunst, pornografi og vold er uklart. Har vi no gått forbi alle grenser?

I del 3 møter vi søstera, In-hye. Familien vil ikkje ha meir med Yeong-hye å gjere. Men In-hye meiner ho har ansvar for systera, som no er definert som alvorleg sjuk. Yeong-hye vil bli ein del av jorda. Mest av alt eit tre. Først forstår In-hye lite av det som har skjedd med systera, men så byrjar det å slå sprekker i den historia ho har laga om livet sitt.
Hun trodde på sin egen godhet som menneske, og i tråd med denne troen skadet hun aldri noen. Hun var arbeidsom, og hun lyktes på sitt vis, og slik ville det alltid være. Likevel forsto hun det ikke. Foran de rustne brakkene og det overgrodde gresset var hun ikke annet enn et barn som aldri har levd. 
 Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad kalla boka ein psykothriller.Eg er einig sjølv om eg ikkje tenkte på thriller då eg las. Her er ingen svar. Her er det vi som må arbeide vidare. For ka handla boka om? Begjær - avsky, galskap - besettelse, vald - sjølvald?
Boka er kompleks. Eg blei driven vidare inn i noko eg ikkje forstod med hjernen, men som sugde meg til seg. Denne er annleis, mesterleg og vil stå som ei av dei sterkaste i år.

Den første boka eg las av forfattaren var Levende og døde. Den sit der enno som ei av dei beste eg har lese og no kjem denne i tillegg. Han Kang er eg ikkje ferdig med.

--
Forfattar: Han Kang
Tittel: Vegetarianeren
Omsett frå koreansk av Vivian Evelina Øverås
Forlag: Pax
År: 2018 (original i 2007)
Ebok

Kommentarer

  1. Fekk lyst til å lesa. Har ikkje lese noko av Han Kang

    SvarSlett
  2. Les! Det er bøker som set seg fast.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg

Ekko og Narcissus. Og du og eg.

Dette essayet! Eg forstår godt at mange  bokmeldarar har "Ekko, et essay om algoritmer og begjær" av Lena Lindgren som ei av dei tre beste i 2021.  Boka er skremmande. Boka er spennande. Boka er gjenkjennande, Boka er om meg og deg. Og heldigvis: Boka er lett å lese. Forfattaren tar oss med på ei reise der ho prøver å forstå den digitale revolusjonen som vi har opplevd dei siste tjue åra. Ikkje akkurat ei enkel oppgåve. Kjenner du historia om Narcissus? Han som blei så forelska i sitt eige sjølvbilete? Og Ekko? Ho som snakka så mykje at ho fekk som straff at ho bare skulle gjenta det andre sa? Det er desse to det handlar om. Narcissus blir bare seg selv. Ekko blir bare de andre. Narcissus blir "noen". Ekko blir "ingen". En lukket sirkel. En tvangsmessig gjentagelse. Vi er i Silicon Valley, eller gudenes dal som Lindgren kallar staden. Vi får med oss oppstarten. Idealistar som startar facebook, twitter, instagram..  Idealister burde kanskje stå med hermetei

Jeg svikter deg aldri, sa Peter May, men....

.... eg har begynt å lure. Peter May, krimforfattaren som har fått meg til å fryse, kjenne meg sjøsjuk, bli våt til skinnet og blitt forelska i Hebridane. Mannen som lot meg bli med Enzo til franske vingårdar og vinmeldarar, restaurantar med Michelin-stjerne og sjalusi, kjenne høg puls i katakombene under Paris og mykje meir. Denne mannen gjev altså ut boka "Jeg svikter deg aldri". Men eg kjente meg svikta. Skreiv han denne fordi han lengta tilbake til Hebridane og ville ha oss med på ein tur i det ville landskapet? Skreiv han denne for å sjekke om han hadde kritiske vener i forlagsbransjen? Og kvifor blei denne omsett til norsk? Eg veit om fleire som burde vore før i køa. Så, eg er altså skuffa. Dette er ein roman om dei vêrharde øyene vest for Skottland.  Dette er ei kjærleikshistorie. Ei ganske ok kjærleikshistorie. Men det skulle vore ein krim. Det er bare det at plottet ikkje er truverdig. Peter May kan mykje betre enn dette. Heldigvis oppdaga eg at boka kom ut i 2018, s

En annen sol - sterke dikt om sorg, kjærleik og trass

  Eg har i lengre tid lese dikt av Kolbein Falkeid til kvar morgon. Målet er å lese alle dikta.  Januar 2021 starta med diktsamlinga "En annen sol". Dei første dikta las eg greit, men så kom eg til diktet "Festen", noko låg under, så "Rom sjø" . Då Falkeid i neste dikt skriv om Egil Skallagrimsson sitt dikt om å miste sonen, måtte eg google. Kva tid var det han mista dottera? 1988. Denne diktsamlinga kom ut i 1989. Då skjønte eg at Egil Skallagrimsson måtte med. Ein mann som hadde sett ord på den same smerta over 1000 år før oss. Tungt, det er tunga å røra; eg orkar mest ikkje anden å draga. Det er ikkje von eg vinn å kveda, frå djupet i hugen henta opp kvedskap (frå Sonetapet i Egilsoga) Som Egil Skallagrimsson greier han å finne orda og vi får sterke dikt om sorg, sakn, lengt og håp. Det sterke "Alt" der vi møter oss som forsiktig spør korleis det går og den sørgande som " Kunne også ha fortalt/ om dager på kaikanten./ Om balansegangen der

Underveis - vandring mellom tru og tvil

Inge Eidsvåg, tidlegare rektor ved Nansenskolen, skriv i forordet til boka Underveis: "Hva tror jeg på i dag? Hva er mitt livssyn, og hvilken vei har jeg gått fra barnetroens forestillingsverden til der jeg er nå?"  Det er bara de grovt okunniga som tror att de vet något om människohjärtat. Vi andre säger: vi vet inte. Inte säkert. Går och lyssnar så länge vi lever. Orda til P. Lagerkvist passar godt til temaet i boka. Bakteppet er kristendommen og den kristne tradisjonen. Det er den kulturen forfattaren har vakse opp i og kjenner. Han er ikkje opptatt av å bevise eller motbevise, men å leite etter samanhengar, stille spørsmål og rydde i tankeflokar. Han ønsker å skape eit rom for undring. Eidsvåg startar langt tilbake i historia. Mennesket har forsøkt å skape meining i tilværet alltid. Det er bare dei siste 200 åra at nokre menneske i vår del av verda har avskrive religiøse livstolkingar. Eidsvåg lurer på om dette fører til at vi vil skape nye gudsbilete slik det har vore ti

Storinkvisitoren - kva skal mennesket med fridom?

I lesegruppa les vi Brødrene Karamasov av Fjodor M. Dostojevskij for tida. Denne veka har vi lese Ivan sitt poem. " Legenden om Storinkvisitoren " (lenka er til Nasjonalbiblioteket. Brødrene Karamasov er omsett av Olaf Broch. Legenden startar på s 271). Tenkte det var greit med ei lenke i tilfelle de ikkje hadde boka i heimen. Den nyaste utgåva er omsett av Geir Kjetsaa. Men den er ikkje klar for fri nedlasting frå Nasjonalbiblioteket enno. For dei som leitar fram i bokhylla: Teksten er kapittel 5 i fjerde del. For å oppsummere det eg har lese både i Brødrene Karamasov, i andre bøker og sortere litt eigne tankar, skriv eg ned det som surrar rundt akkurat no. Og 1.mai er kanskje ikkje den dummaste dagen å skrive om det frie mennesket på? To av brødrene Karamasov, Ivan og Aljosja, samtalar om Gud, om å akseptere han for så å avvise han. Om det vonde i verda. Kor er Gud i alt dette? Ivan ser på seg som ateist. Aljosja er munk. Så fortel Ivan legenden om storinkvisitoren.