Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2019

Både trass og tru

Bjørn Eidsvåg er frå Sauda, har fått bedehuset og kristendommen inn med morsmjølka. Her har han det godt. Dei vaksne har mykje omsorg. Han trives der. men så kjem ungdomstida, popmusikken og spørsmåla. Då er det ikkje like lett å vere ein del av bedehusmiljøet. Folkets hus freista... Bjørn vel å studere teologi, praktiserer på Lier psykiatriske sjukehus, men blir meir og meir rockepresten. Ein tittel han ikkje liker. Men å arbeide med musikk trives han med. Trua grublar han over. Kva trur eg på? Kan eg stå for dette? Eg opplever han som ein mann som kanskje mest av alt kunne tenkt seg å slutta å tru, men så vil liksom ikkje trua sleppe taket i han. Altså måtte han ta tak i ka det er han trur på og ka det er han kan stå for. Han er fascinert over opprøraren Jesus. Av han som seier at kjærleiken er størst. Større enn oss. Tru er engasjement og tillit. Av og til verkar det som om songtekstane har tak i hjarta hans, medan han sjølv rotar rundt i hjernen på leit etter trua. Tekstane

Drapet på Entry Island

Eg greier ikkje å la det vere. Eg må bare rydde tid kvar gong eg oppdagar ei bok av Peter May. Eg trives i krimuniverset hans. Denne gongen er det frå Canada. Sime Mackenzie er kriminaletterforskar i Montreal. Slekta han kjem frå, er innvandrarar frå Hebridane. Han er difor tospråkleg i eit fransktalande område. Dette er hovudgrunnen til at han får bli  med til Entry Island for å etterforske eit brutalt drap. Denne øya er engelsktalande, då folket herifrå kjem frå Skottland/Hebridane. Dei andre etterforskarane er franskspråklege. Enka etter den drepte, verkar så kjent for Sime, men han er sikker på at han aldri har møtt henne før... Denne gongen skal vi i tillegg til å løyse ei krimgåte, gå bakover i historia. Vi får glimt frå utrenskinga som skjedde på Hebridane på 17-1800-talet. Det var nesten ei like sterk historie som sjølve krimhistoria. Eg visste ingenting om Highland Clearances . Boka var ei ekte Peter May bok og eg storkoste meg som alltid. Og lærte altså noko nytt.

Hva er da et menneske?

Karsten Alnæs, forfattar og agnostikar, og Notto R. Thelle, teolog, skriv brev til kvarandre. Dei startar i 2013 og sluttar i 2015. Tema er likningane i Bibelen. Tekstane seier mykje om kva eit menneske er, ønskjer og kan vere. Kva tenkjer ein agnostikar og ein teolog om dei same tekstane? Det viser seg at tekstane rører ved noko i begge to og brevvekslinga er innom historie, litteratur, kunst, filosofi og psykologi. Eg fekk tips om forfattarar eg må sjå nærmare på og tekstar eg hadde, men som var borte frå minnet mitt. Bokbunka blei ikkje mindre. Buddhisme, Thomasevangeliet, Bjørneboe, Wergeland, Duun.. Og så måtte eg kikke ekstra på van Gogh. Mellom anna Eg brukte tid på boka. Måtte tenke mellom breva. Likte brevforma. Gav meg tid til å gruble før eg las det den andre hadde tenkt etter forrige brev. Lignelsene var en del av Jesu liv og ble til i møte med mennesker Lazarus - lasaron - lasarett Samaritan - våge å hjelpe den som samfunnet har stengt ute. Sonen som kom