I haust såg eg over skal (kanskje)-lese lista mi og oppdaga at boka GUDS BARN av Lars Petter Sveen stod der. Forfattaren var for meg ukjent. Tittelen minna meg om religiøs litteratur. Ikkje hugsa eg kven/kva som hadde frista meg til å notere denne ned heller. Men eg kunne jo lese vaskeseddelen før eg fjerna ho frå lista, tenkte eg og eit lite blikk der førte ikkje boka av lista, men over på Kindlen min. For ei bok! Eg har ikkje bare lese ein roman, eg har gått saman med desse menneska, grubla og undra meg. Boka startar med eit sitat frå evangeliet etter Johannes. "Det er mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast." Ok. Det er vel utømmeleg det som kan skrivast og fabulerast rundt livet i Palestina på Jesu tid. Kva er så annleis med denne? Her slepp vi ikkje unna. Boka handlar om oss og vår tid, sjølv om heile forteljinga altså er om det som skjedde for
Tankar om bøker eg møter langs vegen