Suzanne Brøgger sette ein støkkar i dette 19 år gamle gudsordet frå landet då ho som lesehest fann boka Creme Fraiche i 1979/1980. Forfattaren storma inn i verda mi med ei forteljing om ei kvinne med store draumar og vågale handlingar. Her drøymte ikkje bare. Her var det venskap, svik, erotikk og leiting etter lykke. Nesten i det meste laget for denne unge kvinna. Brøgger skreiv annleis. Det var ikkje ein roman og heller ikkje direkte sjølbiografi. Det var fascinerande. Og det var altså litt nifst at nokon levde slik. I dag er det mange som skriv med tydeleg utgangspunkt i eige liv, men den måten å utlevere seg på var ikkje kvardagskost då dei første bøkene hennar kom ut på 1970-talet. I februar 2020 var eg på Sølvberget i Stavanger og lytta til samtalen mellom Suzanne Brøgger og Alf van der Hagen om den siste boka. Det blei ein inspirerande kveld der dei var innom så mykje spennande at eg bare måtte kjøpe boka og lese meir. For å starte med formatet. Alf van der Hagen kan kunsten
Tankar om bøker eg møter langs vegen