søndag 10. januar 2021

En annen sol - sterke dikt om sorg, kjærleik og trass

 

Eg har i lengre tid lese dikt av Kolbein Falkeid til kvar morgon. Målet er å lese alle dikta. 

Januar 2021 starta med diktsamlinga "En annen sol". Dei første dikta las eg greit, men så kom eg til diktet "Festen", noko låg under, så "Rom sjø" . Då Falkeid i neste dikt skriv om Egil Skallagrimsson sitt dikt om å miste sonen, måtte eg google. Kva tid var det han mista dottera? 1988. Denne diktsamlinga kom ut i 1989. Då skjønte eg at Egil Skallagrimsson måtte med. Ein mann som hadde sett ord på den same smerta over 1000 år før oss.

Tungt, det er
tunga å røra;
eg orkar mest ikkje
anden å draga.
Det er ikkje von
eg vinn å kveda,
frå djupet i hugen
henta opp kvedskap
(frå Sonetapet i Egilsoga)

Som Egil Skallagrimsson greier han å finne orda og vi får sterke dikt om sorg, sakn, lengt og håp.

Det sterke "Alt" der vi møter oss som forsiktig spør korleis det går og den sørgande som "Kunne også ha fortalt/ om dager på kaikanten./ Om balansegangen der."

Titteldiktet: "En annen sol" om å kjenne seg akterutseilt, prøve å kome til nå, men heile tida oppdage at då han hadde funne takten, var det etterpå.

Dette har hendt meg, utenom kommer jeg aldri
Mitt liv er alt som har vært, skal bli og er

Han skildrar den tynnkledde og vergelause sorga. Han skildrar verda som går vidare. Hus blir bygd, folk handlar, folk møtest, våren kjem. Og at det er fint, men det ligg noko på botnen som har sett seg fast i han og som ikkje vil forsvinne. 

Dikta i denne diktsamlinga kjem til å følge meg lenge. Falkeid gav ord til så mykje meir enn si eiga sorg. Det var ord til så mange kjensler. Han skriv i sorga. Vi balanserer like ved det store mørkret. Men her er det ikkje bare mørkt. Her er meining, her er kjærleik og her er trass.

Kunne ha fortalt alt, men svarer:
Bare bra.
Hvert på sitt vis
vet alle alt.

---
Alle sitat står i kursiv og er frå diktsamlinga, unntatt utdraget frå Sonetapet.

----

Tittel: En annen sol
Forfatter: Kolbein Falkeid
Forlag: Cappelen
År: 1989

3 kommentarer:

RandiA sa...

Så fint at du trekker frem Falkeid; han er verd å både lese og blogge om. (Ser at du kommenterte på min Falkeid bloggpost for en del år tilbake - jeg tar han fortsatt frem av og til ja.) - Fin omtale.

Augusta sa...


Fin omtale av en flott dikter

aariho sa...

Fint med dikt i januar. Falkeid har mye bra. Jeg har nettopp lest Øverland, kjærlighetsdikt.