Bli hvis du kan.


Endeleg var det min tur til å oppdage Helga Flatland.

Flatland debuterte med romanen: "Bli hvis du kan. Reis hvis du må" i 2010. For ein debut!
Deretter kom: "Alle vil hjem. Ingen vil tilbake" og den siste i triologien: "Det fins ingen helhet"


Dei var fem gutar i ein klasse i ei bygd. Så flyttar den eine og dei er fire igjen. Vi får glimt frå oppveksten deira. Foreldre som ikkje snakkar saman. Om presset til å overta garden, sjølv om ein ikkje har odelsretten. Far som overser ho som har odelen og som verkeleg har lyst til å drive gard. Vi møter ein ung mann som forstår at han ikkje er på jentejakt, men liker ein annan gut. Vi møter han som som ikkje greier å akseptere at han er annleis. Vi møter han som alltid må vinne når dei konkurrerer. Venskap. Avstand. Alt som ikkje blir sagt. Alt dei ikkje får til å seie. All lengt. Ønske om å bli forstått.
Tarjei, Trygve, Kristian og Bjørn reiser ut. Langt ut. Dei verver seg og dreg til Afghanistan. Bare Bjørn kjem levande heim.
Kva gjer det med foreldre? Med han som forstår at han kanskje pressa ein til å reise? Med ho som framleis ikkje blir sett av faren? Men han som alltid kom i andre rekke? Med naboen? Med bygda? Med han som overlevde og som ikkje blir helt? Med legen som kjenner alle og skal vere nabo/veninne/støtte/lege?
Flatland greier å gje oss innblikk i alle desse. Få oss fortvila på deira vegne, Få oss til å forstå. Gje oss lyst til å riste dei, trøyste dei, grine med dei, bakke dei opp og kvistre dei eit ord bak øyra. Og samstundes blir dei som menneska rundt oss. Det er noko ved dei som er skjult for oss.

"Det føles som om jeg alltid har hatt det samme forholdet til mennesker rundt meg. Jeg har forandret meg, men forholdet til de andre har ikke forandret seg. Jeg føler at jeg er fastlåst i den rollen noen skapte for meg da jeg var liten, og ingen ser meg som noe annet enn den Tarjei jeg var da. Men jeg er en annen, og jeg kjenner meg ikke igjen og skjønner ikke at andre gjør det. Stemmen er dypere, håret mørkere, kroppen større, luktene annerledes og tankene mine er fremmede for meg selv."

 

Kommentarer