Endeleg meir Fin Macleod - Peter May er tilbake på Hebridane

 

I 2018 skreiv eg i bloggen: "Kan verkeleg Peter May meine at dette var den siste om Fin Macleod? Eg vil vite meir om han, om Marsaili, Fionnlagh og alle dei andre eg er blitt nysgjerrig på." Innlegget om ein fantastisk krimtrilogi frå Hebridane finn du her.

Det tok sine år, men no i 2025, kom ei bok til om helten min. Han må dra tilbake til øyriket. Fionnlagh har rota det til for seg og far trengs. 

Ikkje hadde eg tid til å vente på norsk omsetjing, det fekk bli på engelsk med gæliske innslag. Og det går det òg. Særleg når ein les på Kindle, då kan ein trykke på ordet og få engelsk ordbok med forklaring. Den hjelper faktisk ofte.

Til historia. Fin Macleod bur for tida i Glasgow. Har ein jobb han ikkje trivest med. Kona Marsaili er deprimert. Dei driv frå kvarandre. Dette var ikkje det livet dei drøymde om. Sonen, Fionnlagh, har tatt med seg kone og barn og reist tilbake til barndomsøya. 

Så kjem meldinga om at Fionnlagh er arrestert. Mistenkt for mord. Då vaknar faren og vi er på Hebridane igjen. Vind, vêr, stein, hav og menneske som har noko å hemne. Miljøaktivistar er det sjølvsagt på her. Og nyrike lakseoppdrettarar. Ei åtvaring: Du får ikkje lyst på oppdrettslaks etter dette. Eg syns til og med eg kjenner lukta av råtten fisk. Gjennom orda.

We are who we are, we've done what we've done, and in the end you have to embrace that or regret it. And regret is such a corrosive thing.

Eg slukte boka. Syns kanskje ikkje ho er like god som dei tre i Lewis-trilogien, men dei er til gjengjeld veldig gode.  Og kanskje engelsken gjorde at eg gjekk glipp av noko. The Black Loch var spennande og vel verd sine lesetimar.

Eg tilrår.

---

Forfattar: Peter May
Tittel: The Black Loch
Språk: engelsk
År: 2024
Forlag: riverrun