Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2018

Ingenting er veldig mykje det

“Det er ikkje så lett å skrive om ingenting” Med dei første orda i boka kan ein, kort oppsummert, seie at det var det M Train av Patti Smith handla om. Eller som Henning Mankell sa: “Denne boka er briljant. Ei poetisk, energisk søking etter dei hemmelege sambanda mellom liv og kunst - og kaffi” Det er akkurat det. Ingenting. Livet. Kunsten. Kaffi. Krim. Reiser. Møte. Vandre. Sorg. Grav. Fotografi. Blikk. “M Train” kom ut i 2015. Patti Smith er fødd i 1946. Det er altså ei kvinne som har levd ei stund som skriv. Eg har lese ei bok av Smith før (sjå Ullsankarane ) og blei glad i den draumande måten ho skreiv på. Det er vanskeleg å plassere boka i bås. Ho er personleg, samstundes som ho ikkje er privat. Vi forstår sorga over ektemannen utan at ho brettar livet deira ut for oss. USA Today skreiv at boka er ein strålande meditasjon over einsemd, uavhengigheit, alder, ei reise saman med den siste romantikar. Ja, kanskje det er det boka er. Eg kjenner lite til