Ingenting er veldig mykje det

“Det er ikkje så lett å skrive om ingenting”
Med dei første orda i boka kan ein, kort oppsummert, seie at det var det M Train av Patti Smith handla om. Eller som Henning Mankell sa: “Denne boka er briljant. Ei poetisk, energisk søking etter dei hemmelege sambanda mellom liv og kunst - og kaffi”

Det er akkurat det. Ingenting. Livet. Kunsten. Kaffi. Krim. Reiser. Møte. Vandre. Sorg. Grav. Fotografi. Blikk.


“M Train” kom ut i 2015. Patti Smith er fødd i 1946. Det er altså ei kvinne som har levd ei stund som skriv. Eg har lese ei bok av Smith før (sjå Ullsankarane) og blei glad i den draumande måten ho skreiv på.
Det er vanskeleg å plassere boka i bås. Ho er personleg, samstundes som ho ikkje er privat. Vi forstår sorga over ektemannen utan at ho brettar livet deira ut for oss. USA Today skreiv at boka er ein strålande meditasjon over einsemd, uavhengigheit, alder, ei reise saman med den siste romantikar. Ja, kanskje det er det boka er.

Eg kjenner lite til punkdronninga Patti Smith frå før,  så eg har blitt kjent med henne gjennom bøkene. Det er eit klokt menneske med evne til å observere. Ei eg lytta til og undra meg over. Mange gonger måtte eg stoppe opp og tenkje over det ho skriv. Altså ei bok som krevde blyanten, ein strek i ny og ned og små notat.


På laurdagsmorgonane stod eg opp tidleg og gjekk ein halv kilometer til 7-Eleven, der eg kjøpte meg ein stor, svart kaffi og ein glasert smultring. Så stoppa eg ved jordstykket bak butikken som selde fiskeutstyr, ein enkel bygning av kvitkalka sement. For meg såg det ut som Tanger, sjølv om eg aldri hadde vore der. Eg sat på bakken i hjørnet, omgitt av låge, kvite veggar, tok ein pause frå den faktiske tida og fri til å vandre på den mjuke brua som bind saman fortid og notid. Mitt Marokko. Eg kunne følgje akkurat det toget eg ville. Eg skreiv utan å skrive - om ånder og svindlarar og mytiske reisande, mitt vagabondia. Så gjekk eg heim, glad og tilfreds, og tok fatt på mine daglege oppgåver.
 

Her er ei fantastisk historie om ei reise til Island og møtet med sjakklegenda Bobby Fischer. Ei anna er talen ho skal halde i ein merkverdig organisasjon ho er med i.
Vi blir kjent med ei som les og skriv notata sine på kafe. Ofte på serviettar. Ho er lidenskapleg kaffidrikkar. Frukosten er brunt brød dyppa i olivenolje. Eg sjekka ut og er einig. Det var godt måltid. 

-Du har rota vekk gleda, sa han utan å nøle. Utan glede er vi som døde. -Korleis finn eg den att? -Finn nokon som har den, og bad i gleda deira. -Takk, herr Tesla. Er det noko eg kan gjere for deg? -Ja, sa han, - kan du flytte deg litt mot venstre? Du skuggar for lyset.

Mannen har vore død i 20 år, men han er stadig tilstades i livet hennar. Han er sakn og draum. Han er i historiane og reisene.

- Hei! kunne han seie, og eg ville kvervle rundt, og han ville stå der, bleik og kledd i svart. Eg stoppa brått utanfor døra mi og innsåg med eitt at eg aldri skulle sjå han igjen. Det er det døden er. Eit forsvinningsnummer.


Patti Smith er ein samlar av detaljar og små ting. Det er ei fin historie om då ho og Fred drog ut på ei reise for at Patti skal kunne ta med seg jord og stein tilbake til ein ven. Ho får aldri gitt han det medan han lever, men fleire år etterpå legg ho ut på ei ny reise for å finne grava og gje frå seg gåva. Fleire av bileta i boka er frå gravsplassar. Ho kan reise langt for å besøke ei grav.

Bileta i boka er tatt med eit gamalt polaroidkamera. Det opptar henne å fotografere detaljar. Ein stol, detalj frå ei seng, ein stokk.. ikkje treng bileta vere klare heller. Bare motivet er det rette.

Det eg har mista og ikkje kan finne, det hugsar eg. Det eg ikkje kan sjå, prøver eg å kalle på. Jobbar langs ein tråd av impulsar som grensar til klarleik.

Patti Smith er eit rutinemenneske som aller helst vil sitje på sin faste plass, på kaféen, men samstundes eit menneske som lar det flyte litt korleis dagen blir. Eg blei fascinert over kor intenst ho går inn i krimseriar på TV. Ho følgjer tanken og draumen.


Om eg gjekk meg vill på vegen, hadde eg eit kompass som eg hadde funne i ein haug av vått lauv som eg sparka meg fram gjennom. Kompasset var gammalt og rusta, men det verka framleis og batt saman jorda og stjernene. Det fortalde meg kor eg stod, og i kva retning vest var, men ikkje kor eg var på veg, og ingenting om kva eg var verd.

Ho har rett i at boka er ein protokoll over tida som var og som kjem. Ein springande protokoll.


Eg har levd i mi eiga bok. Ei eg aldri planla å skrive, der eg fører protokoll over tida bakover og framover.
Dette er ei bok eg kjem til å ta fram for å lese brokker om igjen. Det er sider som avlar spørsmål som heng der og gjev nye tankar.

Alt begynte med ein draum, ein eg allereie har fortalt om. Ein cowboy slenger ut eit rep, ein svingande lasso. Det er ikkje så lett å skrive om ingenting, sa han, og det sette meg i gang. Det var mi form for utfordring, og eg begynte å skrive. Draumar avlar ønske som avlar spørsmål som ein blir hengande ved: Korleis gjer ein arbeidet sitt om til ein levande ting?



Kommentarer

  1. Du skriver gode anmeldelser Aud Venke. Jeg ble kjent med punk-dronningen før fylte 20, og musikken hennes har alltid gitt meg mye. Får stoppe før jeg blir euforisk. Men det var noe eget med denne boken (også).

    SvarSlett
  2. Takk. Og er heilt einig om boka. Det var noko eige og det trefte meg og gav nye tankar.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om