Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2018

Romjulstankar

Eg ser dei hastar vidare. Jula er over. No noko nytt. Og her sit eg. I romjula og lurer på om dei veit ka dei har kasta ut på vegen mot det nye året. Romjul. Den beste juletida. Då ein kan finne ro. La jula synke inn. Ingen krav. Bare vere i jula. Sit her, ser lysa på treet brenne ned og undrar meg.  Har lese Knausgård sitt essay frå 2010: "Nåde". Tenkjer på pater Pollestad. Han meinte at moderne romanar er uinteressante. Menneska er så grunne, det er ikkje res onans i dei. Jaja pater, tenkte eg. Det er fordi frå eldre litteratur er det bare kvalitetslitteraturen igjen. Du slepp å lese mykje svada mellom kvar skatt slik som ein må med nyare litteratur. Men eg blei sitjande og tenkje på ka det er med dei skattane som har overlevd tida. Så las eg "Nåde". Knausgård er tydeleg på at det må vere noko meir enn kjøt og blod i ein tekst. Tilgjeving. Nåde. Han skil mellom seg sjølv, som ikkje trur, og forfattaren Knausgård. "Det vi har glemt, er Kristus, det uhør

Skifta Gud meining?

1968. Dette året som står der og mange meiner det var eit skille i vesten. Ho var i starten av skolegangen, forfattarane var i starten på vaksenlivet. Ho levde eit kvardagsliv i lusekofte i ei bygd sørvest i landet. Dei var studentar og opplevde vindane frå verda utanfor. I bygda hennar var det bedehus og mykje som var synd. For dei som ikkje var fødd inn i reglane og forventningane på bedehuset, var det til tider høge og uforståelege murar. Dei blei aldri kristelege nok. Ho kjente at lufta til tider var vanskeleg å puste i, men ho ville så gjerne vere ein del av dette fellesskapet. Ho hadde blitt kristen på ein sommarleir og meinte alvor. På slutten av 1970-talet og utover 1980-talet var det dei mest ytterleggåande kristne som fekk mediedekning, Knudsen og Nessa, Hans Bratterud (Oslo fullevangeliske kirke), Guds Lam Kirke og fleire. Ganske forvirrande og nifst for ei landsens jente som hadde flytta til storbyen. Ho høyrte om djevelutdriving på vestlandet, besøkte Oase-rørsla, m