Emanuelsen, Fosse og Grytten

 Kva har bøkene til Emanuelsen, Fosse og Grytten til felles, anna enn at det blei denne hausten eg las dei? Kanskje er dei på reise i seg sjølve?  Emanuelsen er på hytta, Fosse på hotell og Grytten på ein restaurant. Rundt dei foregår det både forståelege og uforståelege saker.

Alle bøkene er lydbøker

Eg startar alfabetisk.

Birger Emanuelsen: Odysseen

Birger Emanuelsen tar med seg sin demente far ut på halvøya er dei har hytte. Sonen ønskjer at dei skal lese Odysseen i lag. Eller at sonen skal lese høgt og faren lytte. Han har lova faren det, sjølv om faren ikkje hugsar det no.
Sonen vil gje faren gode dagar i det som er paradiset hans. Vil at han skal få oppleve noko av det han elska.
Men forstår samfunnet rundt han det? Søstera? Ho med travel jobb og lita tid? Ho som meiner dei kan betale for hjelp. Og kor lenge kan dei bli her? Han har trass alt kone og barn. 
Dagane går. Gode opplevingar. Såre opplevingar. Nifse opplevingar. Begge er på ei heimreise. Til barndomen. Til alderdomen. Til å forstå begge deler. 

Forfattaren sjølv las og han fekk meg hekta. Eg måtte til og med google om dette var ei sann historie eller ei. 
Eg tilrår!

Jon Fosse: Vaim hotell

I fjor kom Vaim. Ein liten stad på vestlandet der så mykje kan skje. Der nokon styrer, andre lar seg styre med.

I år flyttar vi inn på Vaim hotell. Og her skjer det litt av kvart. Mareritta dine får form. Det er som du spring og spring og ikkje kjem nokon stad. Eg tok meg i å tenke på Kafka og Prosessen meir enn ein gong. 
På ein måte er det ein klaustrofobisk thriller. 
Og boka kan lesast på så mange måtar. Fosse er i ein eigen liga. Eg ventar på meir og eg veit at undringa over mennesket alltid vil vere der. Kvifor er vi slik?

Eg flirte. Eg hadde lyst til å riste gjesten. Eg blei minna om tida før mobilen. Tida med kontantar, åkle, pentøy og alvor.

Anderz Eide les. Som alltid, ei stor glede å lytte. Eg tiltår og gler meg til den tredje boka frå Vaim. Vil han nøste opp i trådane? Vil han la alt vere opp til oss?

Frode Grytten: Vinter, vinter, vinter, vår

No skal vi til Odda og Buardalen. Eit ektepar driv ein restaurant i Buardalen. Hit opp kjem folk frå Odda for å oppleve ein kvalitetsrestaurant. Mannen i huset forsvinn ein ettermiddag. Kona må ta ansvaret for restauranten, og ho har sine eigne teoriar om kva som har skjedd. Desse forfølgjer ho. Her er utviklingsoptimistiske ordførarar, pessimistiske jordeigarar, pengeadel, arbeidslause og ein Lothepustype. 

Dette er den boka eg likte minst. Eg blei ikkje glad i kona. Eg trudde ikkje heilt på plottet. Det var noko grått over forteljinga. Kva vil forfattaren eigentleg? eg tok meg i å lure på om eg skulle hoppe over eit par kapittel bare for å bli ferdig.

Eg kan tilrå under tvil, men då er de åtvara.

----

Tittel: Odysseen
Forfattar: Birger Emanuelsen
Forlag: Bonnier norsk forlag
Språk: Bokmål
År: 2025
Lese av: Birger Emanuelsen

Tittel: Vaim hotell
Forfattar: Jon Fosse
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
År: 2026
Lese av: Anderz Eide

Tittel: Vinter, vinter, vinter, vår
Forfattar: Frode Grytten
Forlag: Oktober forlag
Språk: Nynorsk
År: 2026
Lese av: Ragnhild Gudbrandsen