Eg hadde høyrt så mykje vakkert om denne boka. Og vaskesetelen reklamerte stort. Dette var ei sterk historie om eit viktig emne. Å vere på flukt fordi du har sett. Å ikkje bli trudd at du er i fare fordi den staten du har kome til har bestemt at det er trygt i landet ditt. Jo, dette er historiar vi nok treng å få inn over oss. Får så Cleave dette til? Vi møter Little Bee som kjem seg til England 14 år gamal. Ho hamnar på eit interneringssenter og er der i 2 år. Kjem seg ut derfrå på eit lite truverdig vis, men ok. Finn fram til eit ektepar ho har møtt i Nigeria. Og etter det byrjar det jo å skje ein del. Forfattaren har sterk trong for detaljar, veldig detaljerte til og med. Ôg når det ikkje er behov for det i det heile. Td. når du leitar fortvila etter eit barn, ville du då tenkt på at den kvinna som sit på teppet der du spring forbi har farga håret og har flisete tuppar??? Kanskje Sarah, men veldig få andre... Little Bee sine formuleringar og tankar slit eg med å godta som
Tankar om bøker eg møter langs vegen