"Livlegens besøk" av Per Olov Enquist var neste bok ut av lydbøkene mine. Spennande bilturar blei det.
"Den 5.april 1768 ble Johann Friedrich Struensee ansatt som den danske kong Christian den syvendes livlege, og fire år senere ble han henrettet"
Dette er starten på romanen. Det fins neppe betre måte å bli kjent med historien på enn å få den i romanform. Her kjem vi på innsida av ei radikal tid i den nordiske historia. Struensee gjorde endringar som ligg føre den franske revolusjonen.
Her møter vi makt, navmakt, revolusjonære idear og galskap. Å bli fødd til ein tittel og å bli brukt i den. Det er spørsmål vi kan undre oss over i dag òg....
Romanen fasinerte meg. Den var spennande, morsom og tankevekkande. Rart å vite korleis det går og samstundes håpe at det ikkje går slik.
Per Olov Enquist fekk forresten fleire prisar for denne boka.