Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2019

Cahor, Paris, katakomber, Enzo og mord.

Peter May. For meg Hebridane, vind, bølger og mord. No vil han ha meg til Frankrike og treffe Enzo, ein skotsk kriminaletterforskar som no er lærar ved eit universitet i Frankrike. Han bur i Cahor, er enkemann og har oppdradd dottera Sophie aleine. I tillegg har han ei dotter frå første ekteskap. Ho er vaksen og bur i Paris, men vil ikkje ha noko med faren å gjere. Ho har ikkje tilgitt han at han reiste frå dei då ho var barn. Enzo har inngått eit veddemål. Han skal greie å løyse sju av Frankrike sine uløyste krimgåter. Roger Raffin, ein journalist i Paris, har skrive bok om desse. Enzo tar kontakt med journalisten og får hjelp av han mot at journalisten skal få skrive om det han finn ut, først. Det blir ei spennande reise ned i katakombene i Paris, til universitet for eliten, til nye deler av Frankrike. Nicole, ein av studentane til Enzo, blir litt tilfeldig samarbeidspartnaren. Vi møter både tida før og midt i den digitale revolusjonen. Kven drepte den svært intelligente, men ò

Mannebok eller ei stor bok om menneske og maktene?

I februar lytta eg til ein samtale mellom Tore Kvæven og Harald Birkevold på Sølvberget i Stavanger.  Eg hadde ikkje lese den første boka til Kvæven, men var nysgjerrig på denne læraren og sauebonden frå Sirdal så eg bestemte meg for å få med meg denne samtalen. Og det angrar eg ikkje på. Tore Kvæven snakka om kva slags litteratur som opptok han. Jack London og Mikkjel Fønhus var ikkje akkurat ei overrasking, men at han hadde Ajtmatov si bok om Djasmilja som ei av dei store - det overraska. Då vakna eg. Den boka er så var og vakker om kjærleiken og landskapet dei lever i. Den første boka til Kvæven, "Hard er mitt lands lov", hadde fått eit rykte for å vere mannebok. Ka no det er. Kvæven var òg usikker på det, sjølv om mora hadde meint noko av det same då ho las den. Han trudde ikkje denne kunne gå heilt inn i den båsen. Birkevold, journalist i Stavanger Aftenblad, gav tydeleg uttrykk for at han hadde likt begge bøkene og han såg gjerne at det ikkje tok så mange år til nes