Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2018

Uroens bok - det moderne mennesket

Uroens bok av Bernardo Soares er det ikkje lett å skrive om. Det er eigentleg ikkje ei bok. Det er notater og dagbøker. Kapitla verkar av og til heilt uavhengig av kvarandre i skriveform, men samstundes heng dei tett saman. Eg blei overraska kor godt ein mann fødd i 1888 og død i 1935 kjente tida vi lever i no. Og kjente meg. Pessoa brukte heteronymer og kalte forfattaren av boka Bernardo Soares. Soares arbeider på eit rekneskapskontor, bur aleine og lever heile livet sitt i nokre få gater i Lisboa. Notata som er blitt denne boka, er sett saman etter Pessoas død. Undervegs medan eg las Uroens bok høyrte eg eit utdrag frå NRK (2010) om boka. Mellom anna blir Tomas Espedal intervjua. Boka kom på norsk for første gong i 1997. Det var på tide, meinte Espedal. Pessoa er boka ein venta på. Er det brev/essay/prosastykke? Dette er ei moderne bok. Undervegs i lesinga blir eg veldig einig med Espedal. Dette er ikkje ei bok ein les frå start til slutt og er ferdig med det. Denne b

Småsøtt på Guernsey

Eg likte tittelen "Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai." Opptil fleire meinte dette var ei knallgod bok som eg burde lese. Eg burde kanskje lytte til fordomane mine ved synet av framsida. Men eg vil jo ikkje vere så full av fordommar, så eg las boka. Idéen er eigentleg veldig god. Guernsey er ein av Kanaløyene som tilhøyrer den britiske krona. Ho blei invadert av tyskarane under krigen. Kjente seg svikta av Storbritannia. Dette visste eg lite om så i utgangspunktet var det mykje å lære her. Boka tar for seg ein periode i 1946. Forfattaren lar ulike stemmer fortelje. Vi skal oppleve krigen frå deira blikk.  Men gjer eg eigentleg det? Opplever eg krigen sin kvardag gjennom breva. Eller opplever eg meir den sjarmerande utanfrå i alt? Tja. Brevskriving er ikkje eit nytt romangrep. Det kunne blitt eit godt grep. Men. Ja, det er eit stort men. Dette blei lettvint. Det var tragiske lagnader utan at eg tok dei inn over meg. Personane var søte og sjarmerande, men