fredag 5. oktober 2018

Småsøtt på Guernsey

Eg likte tittelen "Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai." Opptil fleire meinte dette var ei knallgod bok som eg burde lese.
Eg burde kanskje lytte til fordomane mine ved synet av framsida. Men eg vil jo ikkje vere så full av fordommar, så eg las boka.

Idéen er eigentleg veldig god. Guernsey er ein av Kanaløyene som tilhøyrer den britiske krona. Ho blei invadert av tyskarane under krigen. Kjente seg svikta av Storbritannia. Dette visste eg lite om så i utgangspunktet var det mykje å lære her. Boka tar for seg ein periode i 1946. Forfattaren lar ulike stemmer fortelje. Vi skal oppleve krigen frå deira blikk.  Men gjer eg eigentleg det? Opplever eg krigen sin kvardag gjennom breva. Eller opplever eg meir den sjarmerande utanfrå i alt? Tja. Brevskriving er ikkje eit nytt romangrep. Det kunne blitt eit godt grep. Men.
Ja, det er eit stort men. Dette blei lettvint. Det var tragiske lagnader utan at eg tok dei inn over meg. Personane var søte og sjarmerande, men dei blei ikkje med meg i dagdraumane og tankane i den perioden eg las boka. I bøker som kjem under huden, skjer akkurat det. Eg brydde meg ikkje så mykje meir om folka på Guernsey etter denne boka, heller.

Av og til tenkjer eg at ei bok/ tekst minnar meg om ungdommens lesing av følgjetongane i vekebladromanar. Dei var romantiske, men dei trefte ikkje det livsviktige i meg. Det er stor forskjell på å lese og kose seg, og å lese og kjenne at det skjer noko med meg. Eg trur på personane. Eg blir litt justert og kanskje litt klokare. Eg treng begge måtane å lese på.

Konklusjon på denne boka er at fordomane hadde rett. Framsida var eit signal på at dette ikkje var for meg. Eg er i tvil om ho er god nok til å hamne i båsen kosebok òg. Ein god krim er meir kos enn denne.
Boka er filmatisert i 2018.
--
Forfattar: Mary Ann Scaffer
Tittel: Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai
År: 2018
Originalspråk: engelsk
Forlag: Vigmostad & Bjørke
Sidetal: 238
Hefta

4 kommentarer:

Birthe sa...

Noen ganger har man så lyst til at fremsiden skal gi et annet inntrykk hvis boken leses, men som oftest skjer det ikke med akkurat denne typen fremsider. Du har nok ervervet deg fordommene av en grunn :))

Unknown sa...

Så sant.

Berit sa...

Heisann!
Denne (nye) framsida signaliserer noe HELT annet enn den første som ble brukt, har du sett den? Jeg er helt enig i at framsida er veldig viktig for hvilke forventninger man har når man begynner å lese- og selvfølgelig om man i det hele tatt bestemmer seg for å lese! Jeg likte forresten boka godt da jeg leste den for mange herrens år sida ;o)

Aud Venke sa...

Det har du rett i. Eg oppdaga det då eg skulle inn på Bokelskere for å registrere at eg hadde lese boka. Då såg eg korleis framsida såg ut då eg la ho under bunka for lyst å lese.
Eg veit at mange likte boka svært godt, men for meg blei det litt for overfladisk. Ideen var så god at eg hadde venta litt meir enn ein lett og grei romantisk historie. Det er det som er kjekt med å bøker. Vi les og opplever ulikt. Og det er noko for oss alle.