Overskrifta er eit Stein Mehren sitat, men passar godt til Henning Hagerup. LESEREN En samtale med Henning Hagerup av Alv van der Hagen “ Jeg ville ikke ha vært det mennesket jeg er, hvis ikke jeg var en leser.” Første setninga i boka og han hadde meg. Boka er ein samtale mellom redaktør og forfattar Alv van der Hagen og essayist, kritikar og omsetjar Henning Hagerup. Eg må innrømme at eg har lese lite av Henning Hagerup. Det held eg på med å rette opp no. Onkel Klaus og sjølvsagt farmor Inger kjenner eg betre til. Alle sitat, viss ikkje anna er skrive, er frå boka. På den eine sida er boka ei varsla tragedie. Og på den andre sida svært interessante samtalar mellom to som har stor respekt for kvarandre. Vi skal gjennom ein barndom med alkohol, krangling, berømte menneske og eit altfor tidleg ansvar. Dei vaksne kunne mykje, men ikkje ta seg av ungane. Henning er eldst og tar/får ansvar han eigentleg ikkje har skuldre til å bere. Kanskje rømte han til litteratur
Tankar om bøker eg møter langs vegen