"Første gang jeg så blåmerkene på min kones kropp, var i slutten av mai. Det var en vårdag, peonene i blomsterbedet ved siden av vaktmesterkontoret spyttet ut kronblader som avklippede tunger, klumper av råtnende hvite syriner ble trampet ned under fotgjengernes skosåler på fortauet ved inngangen til eldresenteret."
Det var bare å lese dei første setningane og eg kjente stemninga frå Han Kang. Ho dreg oss inn i stemninga, til menneska utan mykje utanomsnakk. Desse fortellingane treng tid for å synke. Kvar av dei står støtt aleine. Den som gjorde sterkaste inntrykk akkurat no, var "Min kvinnes frukt". Ei kvinne strever med å finne plassen sin i samfunnet. Vi ser henner gjennom mannen sitt blikk. Han ser henne sakte bli ei plante. På slutten får vi hennar stemme. Det er sårt, fortvilande og full av einsemd mellom menneske som står kvarandre nær.
Eg veit ikkje om denne fortellinga er skriven før eller etter Vegetarianeren. Ei bok der ei kvinne som ikkje vil følge dei sternge normreglane etter kvart vil bli eit tre. Kva betyr det at ein vil bli tre? I Ovid (romersk poet under keisar Augustus) blir Dafne til eit tre for å sleppe unna begjæret til Apollon. Treet blir beskyttelse, men òg eit fengsel. Har dei andre gamle historiar i Asia?
I "Europa" drøymer ein mann om å bli kvinne. Han lever mellom slipset om dagen og kjolen om kvelden. I "Tilfriskning" med eit spesielt sår. Dette smertar og fører henne mot andre smerter i livet. Tapet av søstera.
Den siste fortellinga er ni korte historier om livet.
Han Kang fekk Nobelprisen i litteratur 2024 ”för hennes intensiva poetiska prosa, som konfronterar historiens trauman och blottlägger människans sårbarhet”.
Og det er akkurat det. Bøkene hennar blottlegg oss. Vår einsemd, vår sorg, vår forvandling.
Har du ikkje lese "Levende og døde"? Den er sterk på alle måtar.
Eg tilrår - veldig.
Andre bøker på norsk:
- Levende og døde
- Vegetarianeren
- Hvit
- Dette er ikke farvel
- Leksjoner i gresk
---
Forfattar: Han Kang
Forlag: Pax
Språk: norsk bokmål
År: 2025
Omsett frå koreansk av Jarne Byhre
