Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2018

Kvelande kjærleik

Kva er det med Elena Ferrante? Eg starta med Napolikvartetten. Dei blei lese i ein periode då eg ikkje blogga om bøker. Bøkene fenga meg sterkt. Sjølv om oppvekst i Napoli ikkje er den same som i ei bygd i Noreg, så er det slektskap i barndom og oppvekst. Det å finne seg sjølv, våge å gå ut av forventa rollar og ikkje vere trygg i dei nye rollane ein går inn i. Alltid utanfor. "Kvelande kjærleik" er debutboka til Ferrante. Den kom ut i 1992. Ho blei omsett til bokmål i 1994 med tittelen "Hjemreise". Og no i 2018 i omsetjing av Kristin Sørsdal. Boka startar slik: Mor mi drukna natt til 23.mai, på fødselsdagen min, i havet rett utanfor ein stad dei kallar Spaccavento, nokre få kilometer frå Minturno. Ho blir funnen i strandkanten bare iført ein eksklusiv bh. Dette er så ulikt den mora som sparte, reparerte og sydde om alle kler. Delia og søstrene deltek i gravferda. Faren, som mora har vore separert frå i 20 år, kjem ikkje. Systrene dreg tilbake til sine li

Den moderne familien fengde ikkje heilt

Etter å ha lese triologien til Helga Flatland "Bli hvis du kan. reis hvis du må" hadde eg nok skyhøge forventningar til "En moderne familie". På vaskeseddelen stod det at mor og far vel å skilje seg i ein alder av 70 år. Ungane er ikkje like førebudde på eit slikt oppbrot. Dette i seg sjølv var spennande nok for meg. Så eg gledde meg alt på første sida. Men. Idéen var god. Dei vaksne ungane ulike. Ho som hadde mann og barn og var prototypen på vellukka. Eller kanskje heller meir den som sleit med å gjere det rette, det samfunnet forventa av henne.Ho som hadde alt unntatt mann og barn. Og han som var den som trudde på fri kjærleik. Ja, og så mor og far då. Prosjektet ekteskap var brukt opp. Dei var ferdige. I alle fall på utsida. I seg sjølv ei spennande vinkling. Eg reknar med at vi er nokre som veit om meir enn eit par som kanskje skulle tenkt seg om ein gong til. Foreldra forsvinn i forteljinga til dei tre barna. Dumt. Flatland bruker same grep som i triol

Kjærlighetens førti bud

Elif Shafak er tyrkisk forfattar og var ukjent for meg. Sjølve tittelen er av typen som eg lett går forbi når eg går på leit etter nye bøker. Men denne var det eit klokt menneske som tipsa om så eg oversåg tittelen. Det frista jo med 1200-talet, sufiar, poeten Rumi og litt moderne tid blanda saman. Vi blir kjent med ei husmor på 40. Busett i USA. Opptatt av å lage god mat, ha ein pen heim og ha familien under kontroll. Tenninga mellom ho og mannen er omtrent borte, men det er naturleg meiner ho, etter 3 barn og mange års ekteskap. På jakt etter ny jobb får ho i oppdrag å vere konsulent på ei bok av ein ukjent forfattar. Boka, “Skjønn blasfemi” , handlar om 1200-talet. Den store skriftlærde muslimen Rumi møter dervisjen Shams av Tabriz. Dei held til i Konya i Tyrkia. Dette fører til at Rumi endrar seg. Læra han no stod for for baserte seg på at kjærleiken er universet si hovudkraft. Tilhengarane hans grunnla Mevlevi-ordenen. Den er òg kjent som dei dansane dervisjane. Ved å

Framtidshåp, ungdom, fanatisme og fortviling

Den spanske borgarkrigen har fått sine forteljingar før. Til dømes frå Ernst Hemingway (Klokkene ringer for deg). Det som gjer denne historia så god er at vi får møte borgarkrigen gjennom blikket til forfattaren Bernanos og blikket til ei ung kvinne. Vi møter gode menneske på alle sider av konflikten. Og vi møter brutaliteten. Guernica av Picasso Og bak der ligg òg kritikken mot resten av Europa. Hitler og Mussolini støtta den nasjonalistiske sida. Andre såg på og inngjekk avtalar med kuppmakaren Franco. Det som er best for kapitalismen, er jo best for oss…. Republikanarane hadde kommunistane på si side og dei er alltid farlegare enn brunfarga konservatisme. Georges Bernanos, gamlemor og borgarkrigen i Spania. Det blir det verkeleg ei god historie av i boka "Ikke gråte". “ I Faderens, Sønnens og Den hellige ånds navn og med skinnende bispering på sin ærverdige hånd peker Hans nåde erkebiskopen av Palma ut de vrange fattigfolkene for hevnerne. Det er Georges Ber