Den moderne familien fengde ikkje heilt

Etter å ha lese triologien til Helga Flatland "Bli hvis du kan. reis hvis du må" hadde eg nok skyhøge forventningar til "En moderne familie".
På vaskeseddelen stod det at mor og far vel å skilje seg i ein alder av 70 år. Ungane er ikkje like førebudde på eit slikt oppbrot. Dette i seg sjølv var spennande nok for meg. Så eg gledde meg alt på første sida.

Men. Idéen var god. Dei vaksne ungane ulike. Ho som hadde mann og barn og var prototypen på vellukka. Eller kanskje heller meir den som sleit med å gjere det rette, det samfunnet forventa av henne.Ho som hadde alt unntatt mann og barn. Og han som var den som trudde på fri kjærleik. Ja, og så mor og far då. Prosjektet ekteskap var brukt opp. Dei var ferdige. I alle fall på utsida. I seg sjølv ei spennande vinkling. Eg reknar med at vi er nokre som veit om meir enn eit par som kanskje skulle tenkt seg om ein gong til.

Foreldra forsvinn i forteljinga til dei tre barna. Dumt.
Flatland bruker same grep som i triologien, det vil seie at vi ser same historia frå tre ulike vinklar. Vi ser kor ulikt ein kan tenkje om same replikk/ same handling. Det er eit grep eg liker.

Dei tre vaksne barna opplever kvar si krise. Alle krisene er i utgangspunktet svært interessante. Men det blir for mange ord, for mykje som eg forstår lenge før forfattaren er ferdig med å utbrodere. Det heile endar med at tema som samliv, forplikting, barn/ikkje barn startar godt, men endar med at eg er litt likegyldig til resultatet.

Helga Flatland starta godt. Eg satsar på at denne var ein nedtur. Så får eg krysse fingrane for neste bok.
--
Tittel: En moderne familie
Forfattar: Helga Flatland
Forlag: Aschehoug
År: 2017
Ebok


Kommentarer

  1. Likte også betre triologien
    Åse Elin

    SvarSlett
  2. Trur eg må vente litt før eg tar tak i den siste boka.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om