Kjærlighetens førti bud



Elif Shafak er tyrkisk forfattar og var ukjent for meg. Sjølve tittelen er av typen som eg lett går forbi når eg går på leit etter nye bøker. Men denne var det eit klokt menneske som tipsa om så eg oversåg tittelen. Det frista jo med 1200-talet, sufiar, poeten Rumi og litt moderne tid blanda saman.

Vi blir kjent med ei husmor på 40. Busett i USA. Opptatt av å lage god mat, ha ein pen heim og ha familien under kontroll. Tenninga mellom ho og mannen er omtrent borte, men det er naturleg meiner ho, etter 3 barn og mange års ekteskap. På jakt etter ny jobb får ho i oppdrag å vere konsulent på ei bok av ein ukjent forfattar. Boka, “Skjønn blasfemi” , handlar om 1200-talet. Den store skriftlærde muslimen Rumi møter dervisjen Shams av Tabriz. Dei held til i Konya i Tyrkia. Dette fører til at Rumi endrar seg. Læra han no stod for for baserte seg på at kjærleiken er universet si hovudkraft. Tilhengarane hans grunnla Mevlevi-ordenen. Den er òg kjent som dei dansane dervisjane.

Ved å lese boka blir Ella meir og meir opptatt av Rumi og av forfattaren av “Skjønn blasfemi”. Ho set spørsmål ved eige liv og kva kjærleik eigentleg er. Trur ho på ein Gud, på det gode i mennesket, på det uforklarlege? Tør ho sleppe taket og bare leve her og no?
Veien til Sannheten er en oppgave for hjertet, ikke for hjernen. La hjertet være din viktigste veiviser! Ikke hjernen din. Bruk hjertet til å møte, utfordre og i siste instans beseire din nafs. Kjennskap til ditt jeg vil føre til kjennskap til Gud.

I starten likte eg det eg las. Det var spennande. å møte dervisjen Shams. Han siterte stadig frå kjærleikens førti bud, men etter kvart blei desse visdomsorda litt for mykje for meg. Dei minna meg om formuleringar i “Profeten” av Khalil Gibran.
Konfliktane mellom religionane og dei ulike muslimske retningane på 1200-talet var det interessant å bli kjent med. Provokasjonane til Sams hadde òg spenning i seg. Bodskapen om at vi er like for Gud, himmel og helvete er i oss, er det lett å forstå. Det er òg behovet for å utfordre den religiøse og den verdslege makta.
I det jødiske kvarteret i Konya, i en kro eid av en kristen, løftet vi - en broket forsamling vinelskere av alle religioner - glasset og skålte, om enn det var vanskelig å forstå, for en Gud som kunne elske og tilgi oss, selv når vi åpenbart ikke maktet å gjøre det selv.

Forfattaren skildrar då folket i Konya opplevde dansande dervisjar. I kvite kjolar og meir og meir ekstatisk. Akkurat skildringa av den dansen blei ekstra flott for meg. For mange år sidan var eg i Førde på den internasjonale folkemusikkfestivalen der. Ein kveld opplevde eg ein fantastisk dans gjennomført av egyptiske menn i kvite kjolar. Det var fascinerande og intenst.
I dag forstod eg kva det var eg såg den gong i ungdommen. Ein sema-dans. Ein religiøs sufidans.
Universet dreier konstant og uopphørlig, og det gjør også jorden og månen, men det er ikke noe annet enn en hemmelighet plantet i oss mennesker som får alt til å bevege seg. Men den kunnskapen vil vi dervisjer danse oss gjennom kjærlighet og hjertesorg, selv om ingen forstår hva vi gjør. Vi vil danse midt i en krangel eller en alvorlig krig, samme hva. Vi vil danse i vår smerte og sorg, med glede og fryd, alene og sammen, like sakte og fort som vannets strøm.

Men Ella fekk eg ikkje heilt taket på. Kanskje det er feil å seie at ho blei ein pappfigur, men eg trudde ikkje heilt på henne. Historia blei litt for påklistra og lettvint. For meg. Eg kjeda meg og raste litt fort nedover sidene.

Det er mange kloke ord å ta med seg frå boka, eg blei kjent med poeten Rumi, sufismen og fekk vekka til live eit gamalt minne. Eg sit altså igjen med fine opplevingar midt i all ordstraumen.

Alle sitat er frå boka.
---
Tittel: Kjærlighetens førti bud
Forfattar: Elif Shafak
År: 2017
Omsett av: Bente Klinge
Forlag: Font forlag
Ebok.