På fredag var eg med på den siste reisa til Vegar på 6 år. Det var trist, det var sterkt, det var.... vondt. Det oppleves så meiningslaust at eit barn på 6 år skal døy. Og heldigvis leita heller ikkje presten etter meininga i det meiningslause. Han tok utgangspunkt i han som venta ved porten til sommarlandet. Vegar var blitt så glad i boka "Sommerlandet" av E. Skeie. Eg har ikkje lese fortellinga, men skal få gjort det snarast. I går opplevde familien noko heilt uventa: Maakeberget, supporterklubben til fotballklubben Haugesund (FKH) hadde laga banner til ære for Vegar. FKH spelte mot Tromsø i ein kamp som blei sendt på NRK. Eg såg den ikkje, men har fått rapportert at Arne Scheie (NRK reportar) hadde sagt nokre ord om markeringa til Maakeberget før kampen. Det Maakeberget gjorde i tillegg til banneret, var å ha 1 minutt stilla då kampen byrja og deretter song dei: Tir'na Noir. Eg må seie eg er imponert over slike supportarar. Fekk utvida mitt syn på fotballfolk ;). Her
Tankar om bøker eg møter langs vegen