Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2018

Strålande krim frå Hebridane

På facebook er det ei gruppe som heiter Eseløret. Den er for alle med leselyst, ønskje om å fortelje om bøker dei har lese eller bare få tips til nye bøker. For ei stund sidan skreiv ein av gruppemedlemma ei meir eller mindre ekstatisk hyllest av boka "Svarthuset" av Peter May. Ei stund etter kom ny glødande oppdatering av bok nummer 2. Det er ikkje første gongen eg har valt å lese bøker etter bokmeldingar han har skrive. Og kvar gong har det vore innertier, så no var eg freista til å prøve meg på krim sjølv om eg har kjent meg ferdig med den sjangeren. For å konkludere med ein gong: Eg har ikkje angra eit lesesekund på at eg lot meg freiste. Peter May (f-1951) er skotsk forfattar frå Glasgow. No bur han i Frankrike. Boka startar med at Fin Macleod og kona Mona er i sorg etter å ha mista sonen sin i ei trafikkulukke. Macleod greier ikkje å arbeide, men heller ikkje å snakke om det som skjedde. Sjefen sender han til Ytre Hebridane og Isle of Lewis. Øya han kom frå

Tru og tvil

   “Stort sett har jeg snakket med folk man ikke opplagt ville tenke var troende, eller som man ville tro har et komplisert eller uavklart forhold til religion. Gjennom 1900-tallet ble vi i Norge i stadig større grad religiøse analfabeter. Religion var noe pinlig, direkte dumt eller farlig. Det er innlysende at det var nødvendig å ta et oppgjør med tilstivnede og undertrykkende religionsformer. Men kastet vi samtidig barnet ut med badevannet? Mistet vi fornemmelsen for virkelighetsdypet i det religiøse språket? Jeg tror det samtidig oppsto et tomrom i allmenndannelsen som i dag gjør det vanskelig å gjenkjenne religiøse symboler i kunst og litteratur. Tilværelsen er blitt grunnere." Dette blogginnlegget startar med litt frå forordet til Alf van der Hagen si bok "Meningen med livet". ---- Litteraturen eg har lese heile mitt vaksne liv, er ikkje ukjent med problematikken tru og tvil. Du kan ikkje lese Dostojevskij, Wergeland, Kierkegaard, Garborg, Øverlan