Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2017

Mysteriet i trua

Forfattaren Jon Fosse er ikkje lett å gå fort forbi. Han krev mykje av lesaren og han gjev mykje til lesaren. Eg må innrømme at eg var spent då denne boka låg på Kindlen min. “Mysteriet i trua”. Jon Fosse var blitt katolikk. Ville eg forstå tankane og vegen frå bedehuset via kvekarane til katolisismen? I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse snakkar om tru og Gud, om åndeleg og mystiske opplevingar, om skriving, alkoholisme, sjukdom, litteratur og kunst. Og det å vere katolikk. Fosse er kritisk til den katolske kyrkja sitt syn på fleire område. Eg syns at samtalepartnaren Eskil Skjeldal, lar Fosse få sleppe vel lett unna innimellom. Han sparkar til den norske kyrkja òg. Han ser opp til prestane, men korleis skal dei greie å gje folket mysteriet i trua når det meste blir som eit stort kjøpesenter? Det er ikkje Jon Fosse om han ikkje får sagt noko vettugt om litteratur, forfattarar som pregar han, om kommareglar, nynorsk og det å skrive i tillegg. Avsnitt eg hadde

Visjonen i oss, ikke "virkeligheten", er virkeligheten.

Overskrifta er eit Stein Mehren sitat, men passar godt til Henning Hagerup. LESEREN En samtale med Henning Hagerup av Alv van der Hagen “ Jeg ville ikke ha vært det mennesket jeg er, hvis ikke jeg var en leser.” Første setninga i boka og han hadde meg. Boka er ein samtale mellom  redaktør og forfattar Alv van der Hagen og essayist, kritikar og omsetjar Henning Hagerup. Eg må innrømme at eg har lese lite av Henning Hagerup. Det held eg på med å rette opp no. Onkel Klaus og sjølvsagt farmor Inger kjenner eg betre til. Alle sitat, viss ikkje anna er skrive, er frå boka. På den eine sida er boka ei varsla tragedie. Og på den andre sida svært interessante samtalar mellom to som har stor respekt for kvarandre. Vi skal gjennom ein barndom med alkohol, krangling, berømte menneske og eit altfor tidleg ansvar. Dei vaksne kunne mykje, men ikkje ta seg av ungane. Henning er eldst og tar/får ansvar han eigentleg ikkje har skuldre til å bere. Kanskje rømte han til litteratur

To søstre

“Jeg​ ​mener​ ​-​ ​mennesket​ ​må​ ​tro,​ ​eller​ ​søke​ ​troen,​ ​ellers​ ​blir​ ​livet​ ​tomt,​ ​tomt…​ ​Leve,​ ​og​ ​ikke vite​ ​hvorfor​ ​tranene​ ​flyr,​ ​hvorfor​ ​barn​ ​blir​ ​født,​ ​hvorfor​ ​stjernene​ ​lyser​ ​på​ ​himmelen​ ​…​ ​Ikke vite​ ​hvorfor​ ​en​ ​selv​ ​lever,​ ​eller​ ​om​ ​alt​ ​er​ ​forgjeves?”​ ​(Masja​ ​i​ ​"Tre​ ​søstre"​ ​av​ ​Anton​ ​Tsjekhov, 1901)​ ​-​ ​s​ ​229​ ​i​ ​boka "To søstre" “To søstre” av Åsne Seierstad. Medan eg las første del av boka, svinga tankestraumane innom mi eiga ungdomstid frå midten av 70-talet til deler av 80-talet. Å vere ung og leite etter seg sjølv, ønskje om å vere heil og stå for noko inderleg og med heile seg. Tonje Tornes (dotter til Rune Larsen) var gjest i Sommar i P2 samstundes med at hovudet mitt var fullt av “To søstre”. Ho fortalte om jakta etter å bli ein inderleg kristen. Om andaktane i friminutta på ungdomsskolen. Møtet med ungdom i oppdrag. Søkinga etter tungetalen. Det som ette

ØKSA OG ISHAVET

“Øksa og ishavet” av Gaute Heivoll. Tittelen er henta frå eit sitat av Franz Kafka: “En bok må være øksen til det frosne ishavet i oss”. Det er på mange måtar det novellesamlinga handlar om. Bryte opp, kjærleik, kulde, litteratur, møtet, nye horisontar. Vare, stillferdige bilete av mennesket. Den første novella trefte rett i hjarta. Biskop Peder Hansen møter ein lesande krøpling (dette er byrjinga på 1800-talet) i ei lita bygd og undrar seg over dette mennesket. “ Det var som det i denne mand fantes ikke bare een, men et utal menneskeskikkelser, som alle drog gennem hannem medens han sto foran vores øyne” skreiv biskopen etter møtet. Forfattaren får fram vala personane gjer ved å handle eller la vere å handle. Fortvilinga over ikkje greie å kome seg ut. Motet (og redsla) når ein har greidd det. Desse stillferdige som tar i mot, bit tennene saman og held ut. Og dei andre.. For meg var Gaute Heivoll ein ukjent forfattar. Eg har høyrt mange skryte av bøkene hans, men har til no sv

Alt lyset du ikke ser

"Så​ ​hvordan​ ​kan​ ​hjernen,​ ​som​ ​lever​ ​uten​ ​et​ ​eneste​ ​lysglimt,​ ​skape​ ​en​ ​verden​ ​full​ ​av​ ​lys, barn?" Kort før 17.mai fekk eg eit besøk som hadde med seg to ting. Den eine gåva var ei bok. “Denne har eg lese, no er ho di. Send ho gjerne vidare.” 634 sider. ALT LYSET VI IKKE SER av Anthony Doerr. Den andre gåva var til oss begge og livet der og då. Boka bygg opp mot øydelegginga av Saint-Malo i august 1944. Sakte dag for dag i august. Og heile tida tilbakeblikk til det som har skjedd før det. Heile tida er Helge Torvund sine ord i hjernen min: Alt lyset du treng, finst. Eg blir godt kjent med ei ung blind pariserjente og faren hennar, låsesmeden. Og ein stein. Eg blir godt kjent med ein ung gutt frå ein barneheim i Tyskland. Guten er glad i elektronikk. Og krigen nærmar seg. Det er ondskap i boka. Men det ho er full av, er lyset vi treng. Særleg for eit menneske som trur på ordet, musikken, kunsten. At det er sterkare enn det vonde. Trass al