Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2018

Hjertet er en ensom jeger

 Denne boka er frå  1940 og handlinga er frå sørstatane i USA Tittelen på boka har nynna inni meg meir enn ein gong. For ein tittel! Vi møter den homofile Singer, ein døvstum mann, som alle får eit behov for å lufte sitt einsame hjarte til. Dei opplever i blikket og dei tause tilbakemeldingane at dei blir forstått. At dei får lufte ut det som pressar på og som ingen andre forstår. I huset der Singer er leigebuar, bur Mick, ei jente som drøymer musikk. Drøymer om å skape musikk. Det er nokre nydelege avsnitt der musikken blir ein del av henne og ho er musikk. Ein dag har Singer skaffa seg radio for at ho skal få lytte til Bach, Beethoven og dei andre. Rommet til Singer blir hennar pustehol. Mick er nok den som liknar mest på forfattaren. Så har vi Biff som er kaféeigar og som observerer alt og alle. Vi møter den urolege alkoholikaren. Og den svarte legen som prøver å overbevise dei andre svarte om at dei må reise seg og  stå opp for rasen. Han arbeider døgnet rundt for å vere t