Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2021

Svanemordet - K2 og Patricia rotar seg borti kald krig og stolte menn

Eg har i grunnen likt bøkene om K2 og har skrive om eit par av dei før. K2 og Patricia - krim frå den tida då alt gjekk saktare.  Eg gledde meg til denne. Men så gjorde eg kanskje ein tabbe. Den kom rett etter ein krim av Peter May og då var det så altfor tydeleg kvalitetsforskjell. Det var så tydeleg kva som engasjerte og dreiv historia framover for meg. Det var ikkje Lahlum sin litt tørre og svært lite mellom linjene stil. Eg tok meg i å lese på skrått for å gå fortare framover. Gjekk ikkje glipp av noko ved å hoppe over litt. K2 saknar ei kvinne i livet. Og barn. Men det blir visst lite med han. Det er stadig kvinner som har vist interesse gjennom bøkene, men det er alltid noko som går galt. I denne romanen kjem det jamnleg setningar om at han saknar barn og kvinne, men setningane verkar så flate. Han liker pene, slanke og sjarmerande kvinner. Dei ville sikkert vore gode mødre både den eine og den andre. Eg har heile tida kjensle av norskstil. " Jeg sa det hørtes ut som en både

Mona Lisa, Hitler og Enzo

 Peter May kom seg heller ingen plass i 2020. Han måtte vere i heime i Frankrike. Covid-19 pandemien stoppa alle reiser og bokidéar måtte leggast på is.  Men då dukka aller beste 65 åring, Enzo Macleod, opp igjen. Hestehalen var blitt gråare,   Han var luta lei av å lockdown, familiesamtalar på zoom. Som alle oss andre. Han hadde pensjonert seg og levde eit godt liv med Dominique og den unge sonen. Og så skulle han bli bestefar. Livet var i grunnen godt, men så var det lukta av sagmugg. Eller rettare sagt eit spørsmål frå Paris om han ville sjekke staden der det var funne eit gamalt lik under eit tre. Eit lik fra andre verdskrigen. Enzo var jo ekspert på gamle saker. Kunne han ikkje bare sjekke litt? Sjølvsagt kunne han det. Det viser seg at det nyleg har skjedd eit drap i den vesle byen der det gamle liket dukka opp. Brått er Enzo i full gang igjen. Deler av fortellinga er frå perioden 1940-1945. Frankrike er okkupert. Hitler vil ha tak i Mona Lisa. Gøring vil ha tak i Mona Lisa. Fran

Kvinner uten menn

Shahrnush Parsipur er fødd i Teheran i 1946. Ho blir rekna for ein av dei mest kjente nålevande iranske forfattarane. Boka "Kvinner uten menn" kom i 1989 og etter det blei ho fengsla fleire gonger i Iran. Ho drog i eksil til USA i 1994. Bøkene hennar er meir eller mindre sensurert vekk i Iran. Kvinner uten menn er blitt filma, har vore omsett til mange språk, men kom ikkje på norsk før i 2020. Vi er i Iran. Boka startar med Mahdokt, ei ugift kvinne som bur hjå bror sin og familien hans. Ho kjenner seg innestengt. Det hadde andre draumar for livet. Ho sit i den frodige hagen og ønsker ho var eit tre. Og det blir ho etterkvart. Hvordan skulle de kunne gå rundt og fortelle at et familiemedlem var blitt til et tre? Vi møter òg to jomfruer som kjenner på forventning, nedgradering og eit tomt liv. Dei begynner å gå. Vi møter ei kvinne i eit ekteskap som er kvelande. Vi møter ei prosituert som oppdagar at alle menn som kjøper sex av henne, er utan hovud. Ho begynner å gå. Til slutt

Dante på speed - for dei late, grådige og syndige

" En klassiker i lettlest språk" reklamerer dei for. Eg er i utgangspunktet skeptisk til forkorta og frie gjenfortellingar av stor litteratur. Men så var det akkurat det. Å få folk til å lese Dante sitt store verk då. Eg er innrømmer at det er ein høg mur å klyve over.  Så i sommarvarmen tok eg meg ei forkorta vandring ned i helvetet saman med Dante og vegvisaren Vergil.  Dante Alighieri levde frå 1265 til 1321, så her det litteratur som har overlevd det meste. Han var fødd i vakre Firenze, Italia. I 1307 startar han på det som skal bli cirka 5000 vers og får namnet Den guddomelege komedie. Det er diktaren si vandring ned i Helvete (Inferno), oppover Skjærsilden (Purgatorio) og gjennom Paradiset (Paradiso). Heile reisa foregår på ei veke i det heilage året 1300. Vi kan sjå det norsk Draumkvedet som vår guddommeleg komedie. Boka er på 146 sider, har ei fin innleiing både av Morten Krogvold og gjenfortellaren Kristin Flood. Intervjuet med henne i NRK bok er på nokre minutt og

Fra forsørgede fruentimmer til skamløse jenter - norsk kvinnehistorie

 Dette var kjekk lesing. Eller kjekk er kanskje feil ord? Det var ei påminning om kampane for å få lov å vere det mennesket ein er og ikkje den piken, fruentimmeret, furien, husmora, forlystelsen, hysteria osv som menn bestemte at ein skulle vere. Vi følgjer norsk kvinnehistorie frå ca 1870 til i dag. Camilla Collett, Amalie Skram, Karoline Korsødegården, Gina Krog, Grethe Waitz, Gro Harlem Bruntland, Lise Klaveness og mange, mange fleire. Kyrkja og staten stod opp og kjempa som dei menn dei var. Legar meinte at kvinner kunne øydelegge evna til å føde barn om dei brukte hjernen for mykje. Underlivet måtte stadig undersøkast for det kunne kome til skade stadig vekk. Til dømes når ein skulle bli telegrafist, ja for når kvinner skal sitte stille så lenge kan mykje skje i underlivet. Kampen for stemmeretten. Vil samfunnet bryte saman om kvinner fekk politisk makt? Vil kvinner, som er styrt av følelsar, takle det? Kvinner i Milorg, fantes dei? Visste du at det bare var dei mannlege fangane