Kvinner uten menn

Shahrnush Parsipur er fødd i Teheran i 1946. Ho blir rekna for ein av dei mest kjente nålevande iranske forfattarane. Boka "Kvinner uten menn" kom i 1989 og etter det blei ho fengsla fleire gonger i Iran. Ho drog i eksil til USA i 1994. Bøkene hennar er meir eller mindre sensurert vekk i Iran.

Kvinner uten menn er blitt filma, har vore omsett til mange språk, men kom ikkje på norsk før i 2020.

Vi er i Iran. Boka startar med Mahdokt, ei ugift kvinne som bur hjå bror sin og familien hans. Ho kjenner seg innestengt. Det hadde andre draumar for livet. Ho sit i den frodige hagen og ønsker ho var eit tre. Og det blir ho etterkvart.

Hvordan skulle de kunne gå rundt og fortelle at et familiemedlem var blitt til et tre?

Vi møter òg to jomfruer som kjenner på forventning, nedgradering og eit tomt liv. Dei begynner å gå. Vi møter ei kvinne i eit ekteskap som er kvelande. Vi møter ei prosituert som oppdagar at alle menn som kjøper sex av henne, er utan hovud. Ho begynner å gå. Til slutt hamnar dei alle i hagen med det spesielle treet. Huset og hagen rundt treet må stellast. Det er realisme og det er magi. Treet, jorda, frø, vatn, hagen, vekst. Det ligg mange lag i teksten.

Dei ulike fortellingane starta som korte noveller som har stått for seg sjølv før dei blei ei bok. Boka handlar om 1950-talet, men har mykje felles med det som skjer på 80-talet òg. 

Det er forventning til at kvinner skal vere fruktbare, føre familien vidare, men ikkje ha begjær i seg. Dei skal innordne seg. Dei treng ikkje vite noko om kroppen sin eller om verda. Her er tabuemne på tabuemne.

Les eg med norske augo så er teksten frodig og full av liv. Ei bok full av magisk realisme. At dette er noko som må sensurerast og forfattaren straffast for, er nesten utruleg. Men så var det då dei mørke menn med makt i eit land der kvinnene skal underordne seg visse reglar. Bestemt av menn, eller gud sjølvsagt.

Det var kjekt å møte litteratur frå Iran. Eg les gjerne meir av henne.

Derfor sier jeg deg, gå ut og søk mørket, gå ut og søk i mørket! Gå i dybden til å begynne med, ned i bunnen, og når du har nådd bunnens bunn, finner du lyset i høyden, mellom dine egne hender og omkring deg.

 Har du lyst til å lytte på eit intervju av henne, så er det eit på Litthus Bergen (sendt mai 2021). I følge dette intervjuet blei tittelen laga etter inspirasjon frå tittelen på ei bok av Hemingway (Men Without Women)

____

Forfattar: Shahrnush Parsipur
Tittel: Kvinner uten menn
Originalsspråk: persisk
Omsett av: Nina Zandjani
Forlag: Heinesen
År: 2020
Mi utgåve: ebok


Kommentarer