Dante på speed - for dei late, grådige og syndige

" En klassiker i lettlest språk" reklamerer dei for. Eg er i utgangspunktet skeptisk til forkorta og frie gjenfortellingar av stor litteratur. Men så var det akkurat det. Å få folk til å lese Dante sitt store verk då. Eg er innrømmer at det er ein høg mur å klyve over. 
Så i sommarvarmen tok eg meg ei forkorta vandring ned i helvetet saman med Dante og vegvisaren Vergil. 

Dante Alighieri levde frå 1265 til 1321, så her det litteratur som har overlevd det meste. Han var fødd i vakre Firenze, Italia. I 1307 startar han på det som skal bli cirka 5000 vers og får namnet Den guddomelege komedie. Det er diktaren si vandring ned i Helvete (Inferno), oppover Skjærsilden (Purgatorio) og gjennom Paradiset (Paradiso).
Heile reisa foregår på ei veke i det heilage året 1300. Vi kan sjå det norsk Draumkvedet som vår guddommeleg komedie.

Boka er på 146 sider, har ei fin innleiing både av Morten Krogvold og gjenfortellaren Kristin Flood. Intervjuet med henne i NRK bok er på nokre minutt og er ei god innleiing til verket. Du finn det her.

Og for å seie det med det same: Eg koste meg. Dette var lett å lese, sjølv om rima hangla litt for meg i blant, men det kan eg leve med. Og så fekk eg så lyst til å legge den ved sida av dei nye omsettingane av Inferno (Erik Ringen og Asbjørn Bjornes sine bøker) for å sjå ka ho hadde hoppa over og kor fritt ho hadde gjendikta. Altså til inspirasjon for vidare studering av dette verket. Eg må i gang med nylesing! Så der fekk ho napp, Kristin Flood!

Inferno kan lesast som eit verk der vi får fortalt korleis det går med dei som aldri angra syndene sine, men den kan lesast som ei pilegrimsreise i livet. Løgn, fråtseri, likesæle, smerte, angst, bedrageri.... kva gjer slikt med oss?

Vergil forteller Dante at
den sjelen som har havnet her,
var alltid lunken, feit og lat,
tok aldri stilling, men lot vær.
---
Det er sjeler som i livet
lot sitt verste raseri
løpe løpsk, som storm i sivet.
Her får alle sammen svi.

-- 

Det er ikkje fritt for at det er pavar òg i helvete:

Han refser paven nådeløst
for å ha brukt sin makt
til å bli frådig overøst
av penger, pomp og prakt

Den sleipe sjelen sparker fra
i ellevill og rå protest
og innrømmer at: " Ja, og ha,
men jeg stjal ikke aller mest!"

Så folkens. Det er bare å låne/kjøpe boka og sette i gang. Morten Krogvold sine avfotograferingar av Gustav Doré sine teikningar er i seg sjølv verd ein kikk i boka.

Eg tilrår!

Og hugs:
Man bør lese tre vers av Dante daglig, eller ukentlig, fordype seg, smake godt på dem. Det er mer i tre vers av Dante enn i én side av Goethe eller i et helt verk av Victor Hugo. Dante er unik, i sin soberhet og konsentrasjon. 
(Romain Roland, fransk forfattar)

---
Tittel: Dantes inferno for de late, grådige og syndige (576 vers)
Fritt gjenfortalt av Kristin Flood
Illustrasjonar av Gustav Doré
Forlag: Flood forlag
År: 2021