fredag 25. mai 2018

Hjernen er død, men hjarta lever.

 Hva skal vi gjøre, Nikolaj? Begrave de døde og reparere de levende  

Sitatet henta frå Platonov og er altså tittelen på boka til Maylis de Kerangal.

Simon Limbres søv. Hjarta kviler. Snart skal han utfordre dei største bølgene saman med to vener. Denne dagen blir den siste i Simon sitt liv. Sterkt skada hamnar han på sjukehuset og det blir fort oppdaga at han er hjernedød. Hjarta arbeider vidare, andre organ fungerer framleis.
Simon sitt hjarta blir hovudpersonen i denne boka. Språket er pulserande. Lange setningar flyt over sidene. Innimellom dukkar dei korte opp. Blodet som strøymer igjennom? Hjarta som slår?
Den første legen vi møter, er opptatt av forskjellen mellom hjernedød og hjartedød og kva for ein revolusjon det var for dei levande ein treng å reparere. Vi får innblikk i korleis dei legane som endra synet på døden tenkte. Foredraget i 1959.Vi møter sjukepleiaren som skal stelle Simon og som kjem på jobb etter ei heller sømnlaus natt der hjarta hennar hadde gjort henne både lukkeleg og trist.

Vi møter foreldra til Simon som skal fatte at den kroppen som ligg der med eit hjarte som framleis arbeider, er død. Ville Simon at hjarta, nyrer og lunge skulle brukast på andre? Tenkjer ein gut på 19 på at han kan vere donor?
Vi møter han som skal prøve å få foreldra til å forstå at Simon ikkje kjem tilbake og at andre kan få leve om dei får organ frå han.
Vi møter dei som skal gjennomføre operasjonane. Glimt av deira liv akkurat den dagen. Og ho som til slutt får hjarta. Det nifse i å vite at nokon må døy for at eg skal leve.

Boka er skriven slik at vi både er i personane og på utsida. Vi er i hjarta, i tanken og pulsen til personane. Kven er vi eigentleg? Kva styrer det vi gjer? 
Kva er kroppen? Sjela? Livet? Kva skjer med den som overtar hjarta? Får ho med seg meir av Simon enn det fysiske hjarta?

Maylis de Kerangal skriv veldig godt om eit alvorleg tema. Vi får oppleve den medisinske prosessen, men òg så mykje meir. Boka er vel verd å bruke tid på og det er fare for at du blir litt klokare.
---
Utgitt i 2018, Aschehoug forlag. Omsett frå fransk.
Mi utgåve var ebok.




søndag 20. mai 2018

Vakkert og vondt om mørkret.

Gode samtalar fører fort med seg både boktips, ettertanke og glede. Ein slik samtale førte nyleg til at eg fekk ei bok tilsendt. Den tidlegare eigaren var sikker på at denne ville eg like.

Forfattaren Niklas Rådström var ukjent for meg. Undervegs måtte eg sjekke ut meir om han for språket var så poetisk. Det var noko med klangen. Oppdaga at han i tillegg til å vere romanforfattar, er poet og dramatikar. Ein kjent svenske i Sverige.
Tittelen, En Marialegend, og ein detalj frå Lucas Granach d.e. sitt bilete av kvinna og barnet på omslaget gjorde den første sida til eit brutalt møte. Eg var ikkje heilt førebudd på brutaliteten. Vi får eit halvt minutt kvile før brutaliteten fortset. Barnekrigarar, vold, voldtekt. Unggutar kvinna har sett før og tenkt på som vanlege gutar. No var dei brutale voldsmenn.

Livet rör vid döden, det förlorade vid det kommande, förtvilan vid hopp.

Brått er vi i New York og møter Helen. Ho er museumsintendent og overtar arbeidet til ein kollega som nyleg døde. Dette arbeidet fører ikkje bare til at ho blir meir kjent med den profesjonelle delen av kollegaen, men ho blir òg dratt inn i privatlivet hennar.
Helen opnar Libby sin PC for å finne det ho har skrive om kunstnaren Lucas Cranach d.e. , finn epost frå nevøen og tenkjer ho skal skrive ein kort melding til han om at tanta er død. Ein glipp gjer at ho sender avgarde ein påbegynt epost frå Libby i staden.

Frå New York går ferda til 1500-talet og den tyske byen Wittenberg. Vi er midt i religionskrigen mellom katolikkar og protestantar. Her bur Lucas Cranach, kunstnar og ven av Martin Luther. Motstandarane står like ved byporten og Cranach er redd for byen, men òg redd for ein del protestantar som øydelegg kyrkjekunsten. Korleis skal han få til å redde kunsten og samstundes vere ein god protestant?

Cranach  delade bildstormarnas förakt för dessa oöverblickbara samlingar med reliker som verkade ha blivit somligt kyrkfolks livsmål. Att någon genom att hopa samman tusentalet benbitar från näst intil lika många helgonförklarade kunde frälsa sin själ från att plågas i helvetets underjord såg han på endast med löje. Inte fick kyrkan vända bort sin blick från Gud, men vad dessa bildstormare inte förstod var att konsten lika ofte kunde göra det gudomliga synligt som att leda blicken från det. Inskränktheten och redslan, tänkte han, tillsammans utgör de en fruktansvärd brygd.

Alle desse krigane som riv ned det som det har tatt år på å bygge opp. Øydelegginga av det kunstnaren, håndverkaren og vi sjølve har skapt. Kva gjer det med oss?

Skönheten er allt, världens enda mening - men mot förstörelsens krafter saknar den allt försvar.

Desse tre historiane og menneska følgjer vi gjennom boka. Heilt ulike historiar, men samstundes er det noko ved dei som bind dei saman. Helen i New York, Cranach i Wittenberg og kvinna på flukt ein stad like ved oss.

Var inte rädd för att allt är natt. Allt går förr eller senare sönder. Också mörkret går sönder. Det finns sprickor i allt. Det är där ljuset kommer in.

Det er sterkt å bli med den øydelagte kvinna, hennar ukjente følgesvener (mannen og hunden) på vandring mot håpet. Kor onde kan vi bli? Kor mykje kan vi knuse kvarandre? Kva er det i oss som kan få fram så mykje brutalitet?
Cranach møter Karl 5. Han sit livstrøytt og pratar om krig som meininga med alt.
I alle tre tekstane er det mørkret, i oss og rundt oss, som blir skildra. Er det håp for mennesket? Kunstverket til Cranach, kvinna og barnet, er med oss heile tida og alle tre historiane sluttar med ein tekst som vender seg direkte til biletet.

Ei vakker og vond bok om mørkret. Det vonde mørkret. Og ei strime av lys.

tirsdag 1. mai 2018

Spennande finsk slektskrønike



Der fire veier møtes startar med at Lahja døyr. Ho har det ikkje godt der ho ligg. Vi forstår at det er noko som har skjedd i livet som no gjer vondt. Året er 1996.

Neste kapittel er vi i 1895 og møter mor til Lahja. Jordmor Maria. Ei kvinne og einsleg mor som skal finne sin plass i Nord-Finland. Kvinner skal vere koner, føde og lage mat. Å søke etter jordmor gjer dei ikkje før det er krise. Men etter kvart blir ho ei som kvinnene har tillit til. Ho bryt reglar, talar prest, fut og andre menn midt i mot. På sykkelen sin kjem ho seg rundt i bygdene og står til teneste for dei kvinnene som treng henne. Ho er ei stolt kvinne som nok har eit behov for å vise at ho greier seg aleine. Ho byggjer seg eit hus med fleire rom enn bygda meiner ho treng. Ho ville ha glas og særleg viktig var det å ha utelys som viste dei som trengte henne, kor ho budde og at ho var heime.

Lahja veks opp med denne sterke mora og blir sjølv einsleg mor i ung alder. Ho reiser bort for å få seg jobb og blir etter kvart fotograf. Noko ho kan livnære seg av når ho flyttar heim igjen til mora sitt hus. Ho giftar seg med Onni. Ein barnekjær mann som ein blir glad i. Men kven er han eigentleg? Den andre verdskrigen kjem til Nord-Finland. Folket må rømme frå hus og heim. Då dei kjem tilbake, er husa brent ned og dei skal igjen bygge opp alt på nytt. Hus, heim og forhold.
No er det Onni som byggjer stort, større enn dei fleste. Rom på rom. Han er stolt over reisverket sitt. Her bur mormor, mor, far og tre barn. Dei er under same tak, men ser dei kvarandre? Når dei kvarandre?
"Motgang snakker de ikke om innen familien engang. Når ingen byrder blir delt eller vansker nevnt høyt, kan en heller ikke finne løsninger.”

Dette er i ei tid der det ikkje er enkelt å vere annleis. Du må passe inn. Lahja må vere på godfot med dei strenge kristne. Ho treng kundane. Skildringane av maktmenneska sine behov for å halde folk nede, er sterke. Enkeltmennesket mot dei trange normene i storsamfunnet. Du skal vere sterk for ikkje gå under.
Ungane blir vaksne. Dei flyttar ut, men Johannes, sonen til Lahja og Onni, kjem tilbake med Kaarina. Ho kjem dit ung og forelska og møter ei svigermor som sprer ei tung, mørk sky rundt seg. Kaarina forstår ikkje kvifor det alltid må kome padder ut av munnen hennar, kvifor alle gleder skal øydeleggast.


“ - Var det noe mor ville?

Lahja ville ha fortalt at ikke engang Tuomas går tur med henne lenger eller setter seg hos henne, selv om hun ber om det. At det ville vært så fint å sitte til bords med de andre og le høyt og prate og krydre praten med sånn morsom småerting som familien hadde lært av Kaarina. Men det som kommer ut når Lahja åpner munnen, blir oppfattet som mas og irettesettelser. Hun (---) finner ikke de riktige ordene, de som kan uttrykke at iblant er det ensomt, kaldt og mørkt.
- Nei. Det var ikke noe spesielt.”
Under dette taket skal dei leve, sjå barna vekse opp, lære seg å dempe lys og lyd. Unnar dei seg eit glas vin på laurdagskvelden, blir flaska gøymt bort. Vi får ikkje dei siste nøklane til å forstå før vi har levd med desse menneska gjennom ei heil bok.
Boka er inndelt slik at vi får historiane frå ulike synsvinkel. I ein del av boka er det Maria som er i fokus, så Lahja, deretter Kaarina. Til slutt får vi det frå Onni si side. Marta Norheim i NRK kom med eit tips eg lurte på om eg skulle unne meg, nemleg å lese boka kronologisk etter årstal. Då vil kanskje den eine historia gje meir endå fleire lag til den andre. Spennande tanke. 
Finnen Tommi Kinnunen (f.1973) debuterte med denne boka. For ein debut! Boka kom ut i 2016 og no er det kome ei ny bok, Lyset bak øynene, der dotter til Lahja og sonen til Johannes blir hovudpersonar. Eg er klar og gler meg til å leve vidare med denne familien og Finland.
Boka er omsett av Turid Farbregd. Alle sitat er frå "Der fire veier møtes"