Spennande finsk slektskrønike



Der fire veier møtes startar med at Lahja døyr. Ho har det ikkje godt der ho ligg. Vi forstår at det er noko som har skjedd i livet som no gjer vondt. Året er 1996.

Neste kapittel er vi i 1895 og møter mor til Lahja. Jordmor Maria. Ei kvinne og einsleg mor som skal finne sin plass i Nord-Finland. Kvinner skal vere koner, føde og lage mat. Å søke etter jordmor gjer dei ikkje før det er krise. Men etter kvart blir ho ei som kvinnene har tillit til. Ho bryt reglar, talar prest, fut og andre menn midt i mot. På sykkelen sin kjem ho seg rundt i bygdene og står til teneste for dei kvinnene som treng henne. Ho er ei stolt kvinne som nok har eit behov for å vise at ho greier seg aleine. Ho byggjer seg eit hus med fleire rom enn bygda meiner ho treng. Ho ville ha glas og særleg viktig var det å ha utelys som viste dei som trengte henne, kor ho budde og at ho var heime.

Lahja veks opp med denne sterke mora og blir sjølv einsleg mor i ung alder. Ho reiser bort for å få seg jobb og blir etter kvart fotograf. Noko ho kan livnære seg av når ho flyttar heim igjen til mora sitt hus. Ho giftar seg med Onni. Ein barnekjær mann som ein blir glad i. Men kven er han eigentleg? Den andre verdskrigen kjem til Nord-Finland. Folket må rømme frå hus og heim. Då dei kjem tilbake, er husa brent ned og dei skal igjen bygge opp alt på nytt. Hus, heim og forhold.
No er det Onni som byggjer stort, større enn dei fleste. Rom på rom. Han er stolt over reisverket sitt. Her bur mormor, mor, far og tre barn. Dei er under same tak, men ser dei kvarandre? Når dei kvarandre?
"Motgang snakker de ikke om innen familien engang. Når ingen byrder blir delt eller vansker nevnt høyt, kan en heller ikke finne løsninger.”

Dette er i ei tid der det ikkje er enkelt å vere annleis. Du må passe inn. Lahja må vere på godfot med dei strenge kristne. Ho treng kundane. Skildringane av maktmenneska sine behov for å halde folk nede, er sterke. Enkeltmennesket mot dei trange normene i storsamfunnet. Du skal vere sterk for ikkje gå under.
Ungane blir vaksne. Dei flyttar ut, men Johannes, sonen til Lahja og Onni, kjem tilbake med Kaarina. Ho kjem dit ung og forelska og møter ei svigermor som sprer ei tung, mørk sky rundt seg. Kaarina forstår ikkje kvifor det alltid må kome padder ut av munnen hennar, kvifor alle gleder skal øydeleggast.


“ - Var det noe mor ville?

Lahja ville ha fortalt at ikke engang Tuomas går tur med henne lenger eller setter seg hos henne, selv om hun ber om det. At det ville vært så fint å sitte til bords med de andre og le høyt og prate og krydre praten med sånn morsom småerting som familien hadde lært av Kaarina. Men det som kommer ut når Lahja åpner munnen, blir oppfattet som mas og irettesettelser. Hun (---) finner ikke de riktige ordene, de som kan uttrykke at iblant er det ensomt, kaldt og mørkt.
- Nei. Det var ikke noe spesielt.”
Under dette taket skal dei leve, sjå barna vekse opp, lære seg å dempe lys og lyd. Unnar dei seg eit glas vin på laurdagskvelden, blir flaska gøymt bort. Vi får ikkje dei siste nøklane til å forstå før vi har levd med desse menneska gjennom ei heil bok.
Boka er inndelt slik at vi får historiane frå ulike synsvinkel. I ein del av boka er det Maria som er i fokus, så Lahja, deretter Kaarina. Til slutt får vi det frå Onni si side. Marta Norheim i NRK kom med eit tips eg lurte på om eg skulle unne meg, nemleg å lese boka kronologisk etter årstal. Då vil kanskje den eine historia gje meir endå fleire lag til den andre. Spennande tanke. 
Finnen Tommi Kinnunen (f.1973) debuterte med denne boka. For ein debut! Boka kom ut i 2016 og no er det kome ei ny bok, Lyset bak øynene, der dotter til Lahja og sonen til Johannes blir hovudpersonar. Eg er klar og gler meg til å leve vidare med denne familien og Finland.
Boka er omsett av Turid Farbregd. Alle sitat er frå "Der fire veier møtes"

Kommentarer

Legg inn en kommentar