Hjernen er død, men hjarta lever.

 Hva skal vi gjøre, Nikolaj? Begrave de døde og reparere de levende  

Sitatet henta frå Platonov og er altså tittelen på boka til Maylis de Kerangal.

Simon Limbres søv. Hjarta kviler. Snart skal han utfordre dei største bølgene saman med to vener. Denne dagen blir den siste i Simon sitt liv. Sterkt skada hamnar han på sjukehuset og det blir fort oppdaga at han er hjernedød. Hjarta arbeider vidare, andre organ fungerer framleis.
Simon sitt hjarta blir hovudpersonen i denne boka. Språket er pulserande. Lange setningar flyt over sidene. Innimellom dukkar dei korte opp. Blodet som strøymer igjennom? Hjarta som slår?
Den første legen vi møter, er opptatt av forskjellen mellom hjernedød og hjartedød og kva for ein revolusjon det var for dei levande ein treng å reparere. Vi får innblikk i korleis dei legane som endra synet på døden tenkte. Foredraget i 1959.Vi møter sjukepleiaren som skal stelle Simon og som kjem på jobb etter ei heller sømnlaus natt der hjarta hennar hadde gjort henne både lukkeleg og trist.

Vi møter foreldra til Simon som skal fatte at den kroppen som ligg der med eit hjarte som framleis arbeider, er død. Ville Simon at hjarta, nyrer og lunge skulle brukast på andre? Tenkjer ein gut på 19 på at han kan vere donor?
Vi møter han som skal prøve å få foreldra til å forstå at Simon ikkje kjem tilbake og at andre kan få leve om dei får organ frå han.
Vi møter dei som skal gjennomføre operasjonane. Glimt av deira liv akkurat den dagen. Og ho som til slutt får hjarta. Det nifse i å vite at nokon må døy for at eg skal leve.

Boka er skriven slik at vi både er i personane og på utsida. Vi er i hjarta, i tanken og pulsen til personane. Kven er vi eigentleg? Kva styrer det vi gjer? 
Kva er kroppen? Sjela? Livet? Kva skjer med den som overtar hjarta? Får ho med seg meir av Simon enn det fysiske hjarta?

Maylis de Kerangal skriv veldig godt om eit alvorleg tema. Vi får oppleve den medisinske prosessen, men òg så mykje meir. Boka er vel verd å bruke tid på og det er fare for at du blir litt klokare.
---
Utgitt i 2018, Aschehoug forlag. Omsett frå fransk.
Mi utgåve var ebok.




Kommentarer