Skald forlag kom denne våren ut med tre av novellene hans. Eller skal ein heller kalle det for tre kortbøker? Eg har ikkje tenkt på Døden i Venezia som ei novelle, men det er det.
Den første novella, Tonio Kröger, blei gitt ut i 1903. Denne handlar om Kunstnaren som ung mann. Vi møter ein alvorleg ung kunstnar. Her skal ingenting vere lettvint. Alle tankar skal vere djupt tenkte og flørt med kvinner/menn kan føre ein på villstrå, men kjenslene kan bli til kunst. Kunstnaren lever i sjølvvald isolasjon. Han er både dekantent og fordrøymd på mange måtar.
Snakk ikkje stygt om denne kjærleiken, Lisaveta; han er god og fruktbar. Det er lengt i han og melankolsk misunning og bitte litt forakt og eit hav av kysk sæle.
Døden i Venezia (1912) er den mest kjente. Her møter vi den eldre suksessforfattaren Aschenbach. Han er på ferie i Venezia og ser der ein ung gut, Tadzio. Frå å beundre den vakre unggguten, begynner han å sverme. Han prøver å fikse på utsjånaden, prøver å sjå yngre ut og blir meir og meir fiksert på ungdommen. Samstundes er det ein pandemi i Venezia som dei rådane makter prøver å skjule. Dei veit at det ville ført til at turismen forsvann.
Einsemd får fram det originale, det dristig og underleg vakre, diktet. Men einsemd får óg fram det motsette, det urimelige, det absurde og ulovlege.
Eg trudde eg hadde lese denne novella før, men kanskje eg bare har sette filmen? I alle fall hugsa eg ikkje humoren i novella. Eg rett og slett storkoste meg med den. Nå må eg sjå filmen på ny.
Den siste novella, Mario og trollmannen (1929), har ikkje vore omsett til norsk før, trur eg. Den første setninga gir frampek mot noko vondt som kjem til å skje. Men før det får vi innblikk i ferielivet og ungar som leikar på tvers av både klasse og nasjonar. Under ligg at nokon er betre enn andre, er dei som har rett på ekstra goder. Er aristokratiet.
Så går vi for å bli underhaldne av ein trollmann. Og det er ikkje akkurat snill underhaldning. Her blir det spela på redsle, latterleggjering, hypnotisering.... Stemninga blir mørkare. Forfattaren veit at han må ta med seg ungane og gå frå staden, men greier det ikkje. Mussolini blir aldri nemnd, men det er han som er il Cavaliere. Han som forfører og som samstundes har ein pisk. Denne novella var sterk. Og dagsaktuell.
Omsetjinga til Geir Pollen er svært god.
Eg tilrår og det gjer NRK òg ser eg.
---
Forfattar: Thomas Mann
Utgitt: 2025
Omsett frå tysk av: Geir Pollen
Forlag: Skald